Hovudutvalet justerte opplæringstilbodet for komande skuleår

Hovudutval for opplæring og kompetanse har justert opplæringstilbodet ved dei vidaregåande skulene for skuleåret 2024/25.

Kokk skjærer eit stykke kjøtt.
YRKESFAG: Hovudutval for opplæring og kompetanse vedtok blant anna å opprette ei halv klasse på kokk og servitør ved Sotra vgs. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune).

Hovudutvalet justerer det utlyste opplæringstilbodet kvar vår, etter at dei faktiske søknadstala er klare 1. mars. Det var eit samla hovudutval som vedtok årets justeringar 18. april.

Engasjerer mange

– Dette er ei sak som engasjerer mange, og det synest vi er bra. Vi veit at vi har eit stort ansvar for å treffe på opplæringstilbodet i Vestland. Vi er opptekne av at flest mogleg av søkjarane kjem inn på førstevalet sitt, og at vi samtidig byggjer opp under behova som arbeids- og næringslivet har, seier Åsmund Berthelsen, leiar for hovudutval for opplæring og kompetanse.

Utvalet understrekar i vedtaket at tilbod som ikkje blir sette i gang i år, ikkje er nedlagde. Dei skal vurderast att når opplæringstilbodet for skuleåret 2025/26 skal vedtakast.

Vg2 yrkesfag vert prioritert

Yrkesfag er mest populært for elevar i Vestland, og det har vore ein auke dei siste åra. Hovudutvalet vedtok difor å opprette fleire nye plassar på fleire yrkesfag på skular i fylket.

– Det er særleg stor auke i søkjarar til yrkesfag, og i justeringa prioriterte vi vg2-tilbod på yrkesfag, og tilbod som ikkje er andre stader i regionen, seier Berthelsen.

Justerte framlegget frå administrasjonen

Hovudutvalet vedtok justeringane som står i saksframlegget frå administrasjonen (PDF) med slike endringar:

Eid vgs.

  • Vg2 elenergi og ekom vert auka frå 10 til 15 plassar.
  • 5 plassar til vg2 datateknologi og elektronikk vert løyst i kombinasjon med vg2 automasjon.

Måløy vgs.

  • Auke plasstalet på vg1 YSK (yrkes- og studiekompetanse) naturbruk/akvakultur frå 4 til 6 plassar.

Førde vgs.

  • + 0.5 klasse vg2 kokk og servitør.
  • Førde vgs. kan starte opp vg1 naturbruk og vg1 naturbruk, hest for 1,5 klasseressurs. Plasstalet vert auka for å kunne gje alle primærsøkjarar tilbod ved skulen og eventuelt for å gje tilbod til andre søkjarar utan tilbod i inntaket.

Firda vgs.

  • Sette i gang 0,5 klasse vg1 dans og 0,5 klasse vg1 drama under føresetnad av at det kan løysast ved bruk av 1 klasseressurs. +1 klasseressurs.
  • Auke plasstalet på vg1 studiespesialisering frå 30 til 33 for å kunne ta inn alle primærsøkjarar etter innspel frå skulen sjølv.

Voss vgs.

  • + 1 klasse vg2 landbruk, gartnarnæring, friluftsliv.
  • - 0,5 klasse vg2 landbruk og gartnar med fordjuping landbruk.
  • + 0,5 klasse vg2 tømrer.
  • Voss vgs. kan starte opp 2 klasser med vg2 friluftsliv. I tillegg 0,5 klasse vg2 tømrar og 0,5 klasse vg2 landbruk og gartnarnæring under føresetnad av at undervisninga kan organiserast slik at dei har fellesfaga ilag og det samla ikkje utløyser meir enn 1,5 klasseressurs.

Voss gymnas

  • Voss gymnas får tilført ein halv klasseressurs for å sikre at ein klarar å oppretthalde ei god breidde i tilbodet mellom sommaridrett og vinteridrett, og å gje plass til søkjarar frå andre fylker. Frå neste skuleår må det vurderast korleis breidda i tilbodet kan tilpassast elevtalet (både søkjarar frå eige og andre fylker) og den økonomiske ramma framover.

Sotra vgs.

  • + 0,5 klasse kokk og servitør.

Fitjar vgs.

  • - 0,5 klasse vg1 Restaurant og matfag.
  • Fitjar vgs. får setje i gang ei kombinasjonsgruppe med vg1 restaurant og matfag og vg2 kokk og servitør innanfor dei økonomiske rammene av ein klasseressurs for å sikre stabilitet og rekruttering.

Kvam vgs.

  • + 0,5 klasse vg2 transport og logistikk.

Høyanger vgs.

  • + 0,5 klasse vg1 studiespesialering i kombinasjon med vg3 påbygg.
  • Høyanger vgs. har få søkjarar til studiespesialisering, men utvalet meiner at ein med samarbeid med vg3 påbygg kan gjennomføre eit forsvarleg fagleg tilbod kommande skuleår. Tilbodet dei kommande åra må sjåast i samanheng med den kommande tilbodsstruktursaka som kjem til hausten.

Dale vgs.

  • + 0,5 klasse industriteknologi.

Bømlo vgs.

  • + 0,5 klasseressurs.
  • + 0,5 klasse vg2 BUA (barne- og ungdomsarbeidarfag).
  • Bømlo vgs. får starte opp ei halv klasse vg2 BUA dersom det er mogleg å gjennomføre undervisning i fellesfaga ilag med vg2 helsefag og det ikkje utløyser meir enn 0,5 klasseressurs.