Yrkesfag er framleis mest populært i Vestland

Det er i alt 20 696 registrerte søkarar med ungdomsrett frå Vestland fylke til dei vidaregåande skulane. Det er ein liten auke frå i fjor, då søkartalet var 20 152.

Elev blir lært opp av ein lærar i eit verktøy.
POPULÆRT: 58,4 prosent av ungdomane som søkte skuleplass på vg1 har i år yrkesfagleg utdanningsprogram som sitt primærønske. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Søknadsfristen til vidaregåande opplæring gjekk ut 1.mars. No presenterer avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse tala som syner førsteønska til søkarane.

Yrkesfag framleis mest populært i heile fylket

58,4 prosent av ungdomane som søkte skuleplass på vg1 har i år yrkesfagleg utdanningsprogram som sitt primærønske. Dette er ein liten auke frå i fjor. I inntaksområdet stor-Bergen har 51,8 prosent av ungdomane yrkesfag som primærønske.

Auke for vg1 elektro og datateknologi og vg1 teknologi- og industrifag

Dei yrkesfaglege utdanningsprogramma som opplever prosentvis størst auke i primærsøkarar til vg1 er elektro og datateknologi og teknologi og industrifag.

Søkartala til alle dei studieførebuande utdanningsprogramma har nedgang. Den største nedgangen er til vg1 medier og kommunikasjon og vg1 musikk, dans og drama.

Auke i søkarar til læreplass

Det er i alt 2869 som no søker læreplass i Vestland fylke. 2394 av desse søkarane har ungdomsrett.

Dette er ein auke frå i fjor, då tala for dei med ungdomsrett var 2366 og totalt søkarar til læreplass var 2823.

Vidare tidsplan for inntak til vidaregåande skule for skuleåret 2024/25

  • 8. juli: første inntak.
  • 15. juli: svarfrist første inntak.
  • 23. juli: andre inntak.
  • 30. juli: svarfrist andre inntak.