Klimaomstillingskonferansen: Om areal, ein gamal idé og å bere staur

Rektoren siterte Bob Dylan, og forskaren meinte vi må tilbake til eit forslag frå 1972 for å finne løysingane. Kva var det eigentleg som gjekk føre seg på den nasjonale klimaomstillingskonferansen denne veka?

To menn, ei kvinne og ein elsykkel utanfor høgskulen i Sogndal.
KLIMAOMSTILLING: Den kommunale planleggjaren, den fylkeskommune rådgjevaren og forskaren. Markus Mohn Werner (t.h.) og Iselin Helløy delte erfaringar med arealrekneskap på både kommunalt og fylkeskommunalt nivå. Verktøyet kan vere ein del av løysinga på å få å sjå ting meir i samanheng, å få eit meir heilskapleg bilde, som er det forskar Carlo Aall meiner må til i arbeidet med klimaomstilling. (Foto: Birthe Johanne Finstad/Vestland fylkeskommune)

– Temasongen til denne konferansen vart laga tilbake på 1960-talet, då Dylan song om at havet stig og vi må endre oss i The Times They Are-Changin’, sa rektor Gunnar Yttri ved Høgskulen på Vestlandet og skrytte av samarbeidet mellom høgskulen og dei andre partnarane.

Gunnar Yttri, rektor på Høgskulen på Vestlandet
Gunnar Yttri er rektor på Høgskulen på Vestlandet og runda av dag 1 av klimaomstillingskonferansen. (Foto: Ida Beate Mølmesdal/Vestland fylkeskommune)

135 personar frå heile landet deltok på konferansen i Sogndal 23. og 24. april. Det var tilsette i frå kommunar og fylkeskommunar, i tillegg til representantar frå forskingsmiljø, statlege etatar og næringslivet.

Klimaomstilling = å bere staur

«Klimaomstilling som staurbering vil aldri lukkast» var tittelen på innlegget til forskar Carlo Aall ved Vestlandsforsking. Og med staur meinte han i denne samanhenga dei ulike felta innan klimaomstillinga.

– Enkelte «staurar» tel meir enn andre. Klimatilpassing har vore «lillebror» og hatt minst tyngde politisk. Taparen så langt kan vi seie har vore klassisk natur- og artsvern, medan utbygging av fornybar energi har vore vinnaren. Men dette bildet kan kanskje endre seg, slo Aall fast.

Svart-kvitt bilde av lita jente som ber staur.
Carlo Aall samanlikna klimaomstillingsarbeidet med å bere staur. Det spriker i alle retningar. (Foto: Bilde frå presentasjonen til Aall)

Sjå til alternativ frå 1972

Aall meiner vi i denne samanhengen må sjå bakover for å kome framover, nærare bestemt til noko som skjedde i 1972.

– Då fekk vi Miljøverndepartementet, som første land i verda. Men det var eitt av fleire forslag. Eit anna var å opprette eit ressursdepartement. Det skulle vere eit overordna departement med same mandat når det gjeld naturressursar som Finansdepartementet har når det gjeld økonomiske ressursar. Eg trur vi må ta oppatt denne ideen. Vi må sjølvsagt modernisere, men det er noko i denne retninga vi treng for å få til heilskapleg omstilling, sa Aall.

Forskaren ønskjer seg altså eit overordna departementet som har ansvaret for å sjå det store bildet og samanhengane når det gjeld klimaomstilling og naturressursar.

Lettare å vere planleggjar (og innbyggjar)

Arealrekneskap er eit verktøy stadig fleire kommunar tek i bruk i arealforvaltinga. Det gir ei oversikt over areal, samstundes som det samanstiller arealinformasjon om blant anna plan, natur, arealbruk og karbonlagring. Sogndal kommune brukar arealrekneskap i arbeidet med den nye arealplanen som skal gjelde fram til 2033. Planleggjar Markus Mohn Werner presenterte noko av arbeidet på klimaomstillingskonferansen, og fortel om positive opplevingar med arealrekneskap som verktøy.

– Det er godt motteke av politikarar, administrasjonen og høyringsetatar. Arealrekneskapen samanliknar kart og terreng, og gir oss gode pedagogiske verktøy for å kommunisere konsekvensen av planlegginga vi driv med. Det gjer det lettare å vere planleggjar. I tillegg er det ein måte å gjere tilgjengeleg kunnskap på. Det gjer det lettare for kvarmannsen å gå inn og sjå kva som er planlagt, sa Werner.

Fullsett konferansesal
135 deltakarar frå heile landet hadde teke turen til Sogndal for å delta på klimaomstillingskonferansen. Den første dagen var på Quality Sogndal Hotel, medan dag to fann stad på Høgskulen på Vestlandet. (Foto: Ida-Beate Mølmesdal/Vestland fylkeskommune)

Verdien av å gjere det på regionalt nivå

Vestland fylkeskommune samarbeider for tida med fylkeskommunane i Rogaland og Møre og Romsdal om prosjektet NYVEST, som handlar om nyskapande metodar for naturdata og arealrekneskap. Iselin Helløy er kommunikasjonsansvarleg for NYVEST og prosjektleiar for søsterprosjektet Arealrekneskap for utsleppskutt. På klimaomstillingskonferansen delte ho blant anna tankar om kvifor fylkeskommunen tek dette ansvaret.

– Vi ser ein stor verdi i det å gjere dette på regionalt nivå. Det er mange små kommunar, og det kan vere vanskeleg å ha nok ressursar og kompetanse på området. At vi gjer ein del av arbeidet gir eit jamnare kunnskapsgrunnlag, og kommunane kan dykke inn i lokale problemstillingar om dei vil det, sa Helløy.

Sofasamtale med fire personar på ei scene.
Sofasamtale med f.v. Carlo Aall, Vestlandsforsking, Marit Kasin, Avisa Valdres, Håvard Nyhus, NRK og Truls Gulowsen, Naturvernforbundet. (Foto: Ida Beate Mølmesdal/Vestland fylkeskommune)

Klimakveld om klimadebatt og aktivisme

Arealbruk og arealrekneskap har blitt aktualisert den siste tida, blant anna med NRK-serien Oppsynsmannen og reportasjen «Norge i rødt, hvitt og grått». Dette var eitt av temaa på kveldsarrangementet på klimaomstillingskonferansen. Der deltok Håvard Nyhus frå klimaredaksjonen til NRK i samtale med blant andre Truls Gulowsen i Naturvernforbundet i samtale om klimadebatten har flytta seg etter serien og reportasjen.

To kvinner i samtale i sofa.
På klimakvelden deltok også aktivist og kunstnar Ella Marie Hætta Isaksen. Ho delte sine erfaringar om det å vere ung aktivist og å møte statsmakta på slagmarka for brot på menneskerettane til urfolk. Berekraftskoordinator ved Høgskulen på Vestlandet, Siri Smith, var samtalepart. (Foto: Ida Beate Mølmesdal/Vestland fylkeskommune)

Kunsten å gjere ingenting

Årets klimaomstillingskonferanse var den niande i rekka. Neste år blir det jubileumskonferanse, og temaet er alt klart.

– Temaet neste år blir kunsten å gjere ingenting. Eg vil ikkje seie så mykje meir om det no, men skal late dykk gruble på det. Vi trur det blir ei veldig god vinkling, sa Ragnhild Berge Feidje, som er ein av fleire frå Vestland fylkeskommune som sit i arrangørkomiteen.

Vestland fylkeskommune hadde i år ansvar for #Klimaomstilling, som er ein årleg nasjonal arena for å dele kunnskap knytt til nokre av dei største samfunnsutfordringane. Konferansen tek opp aktuelle sider ved arbeidet med klimakutt, tilpassing til klimaendringane og ser etter løysingar på tvers av fagfelt. Arrangørane er Vestland fylkeskommune, Statsforvaltaren i Vestland, Høgskulen på Vestlandet, Norsk senter for berekraftig klimatilpassing, Vestlandsforsking, Klimapartnere Vestland, NORCE og KS-Vest.