Historisk satsing på elbussar

Skyss har tildelt busskontraktar for Hardanger/Voss, Modalen/Vaksdal og Nordfjord. Felles for dei tre kontraktane er betydelege reduksjonar i klimagassutsleppa.

Elbuss med teksten Eg e elektrisk for deg på bakruta.
ELEKTRISK: Elbussar har dei siste åra vore eit fast innslag i kollektivtrafikken i Bergen. I åra framover blir dei også å sjå i distrikta i fylket. (Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

– Elbussane tar endeleg steget frå byen til bygda. Dette er historisk, seier fylkesordførar Jon Askeland. 

Dette er den første anbodsrunden for buss i det samanslåtte Vestland fylke, og til saman fem tilbydarar har konkurrert om dei tre kontraktane: Modalen/Eksingedalen Billag AS, Tide Buss AS, Firda Billag Buss AS, Vy Buss AS og Boreal Buss AS. Alle tre kontraktane går over ti år, med moglegheit for tre års forlenging, viss dei klarer å redusere klimagassutsleppa med 90 prosent. 

–Miljøfyrtårnet Vestland lyser vegen, og eg er stolt over å vere fylkesordførar og vestlending i dag, seier Askeland.  

Fem millionar elektriske rutekilometer 

I området Hardanger/Voss leverte Tide Buss AS, Vy Buss AS og Firda Billag Buss AS tilbod. Dei to førstnemnde kom vidare i anbodskonkurransen, og i dag kan vi fortelje at Tide Buss AS blir tildelt kontrakten. 

Kontrakten har oppstart 23.06.2025, og varer til 23.06.2035. I kontrakten oppfyller tilbydaren miljøkravet for å kunne forlenge kontrakten med tre år: Det er planlagt eit utsleppskutt på 90 prosent. Det inneber over fem millionar køyrde kilometer av nullutsleppsbussar i rute. 

Lite konkurranse i Modalen/Vaksdal 

For Modalen/Vaksdal var det éin tilbydar som kom med tilbod, Modalen/Eksingedalen Billag AS. Her var det venta at det ville vere utfordrande for tilbydaren å redusere klimagassutsleppa, så i første del av kontraktperioden er det ikkje stilt klimakrav. I andre periode, frå 2030 til 2035, er det stilt krav om 50 prosents utsleppskutt. 

80 prosents utsleppskutt i Nordfjord 

Fire tilbydarar konkurrerte om anbodet i Nordfjord: Tide Buss AS, Firda Billag Buss AS, Vy Buss AS og Boreal Buss AS. No kan vi offentleggjere at Firda Billag Buss AS har fått tildelt kontrakten i Nordfjord. 

I kontrakten ligg det an til eit totalt utsleppskutt på 80 prosent i Nordfjord. Ved kontraktstart oppfyller ikkje tilbydar kravet om å kutta utsleppa med 90 prosent. Det kan dei likevel velje å gjere noko med innan det sjette driftsåret, slik at dei får høve til å forlenge kontrakten med tre år. 

Sikkerheitskrav og bonusordningar 

I tillegg til generelle sikkerheitskrav, inneheld kontraktane krav om kollisjonssikring og styringsstøttesystem, som skal trygge sjåførane. Det er òg stilt krav om universell utforming for passasjerane. 

I kontraktane ligg det òg bonusordningar for klimagassutslepp og for reduksjon av mengda delte skift. Sistnemnde bidrar til betre arbeidsforhold for bussjåførane.