Foto: Morten Wanvik

Vestland søkjer fylkesdirektørar

No vert stillingane som fylkesdirektørar i Vestland fylkeskommune lyste ut. Det er seks stillingar, og arbeidsstadar er Bergen, Leikanger og Førde.

Publisert 28.09.2018 av Redaksjonen

– Dette er nøkkelstillingar i den nye fylkeskommunen, og dei som vert tilsett vil vere ein del av toppleiargruppa som skal vere med på å bygge Vestland fylkeskommune. Dette er ein særs viktig milepæl for den nye fylkeskommunen, og eg er viss på at dette er nokre av dei mest spanande jobbane på Vestlandet på lang tid, seier Rune Haugsdal, som er prosjektleiar for nye Vestland fylkeskommune.

Det er desse stillingane som no vert lyste ut:

  • Fylkesdirektør for infrastruktur og veg, lokalisert til Sogn og Fjordane (Leikanger)
  • Fylkesdirektør for mobilitet og kollektivtransport, lokalisert til Hordaland (Bergen)
  • Fylkesdirektør for kultur, idrett og inkludering, lokalisert til Sogn og Fjordane (Førde)
  • Fylkesdirektør for opplæring og kompetanse, lokalisert til Hordaland (Bergen)
  • Fylkesdirektør for strategisk utvikling og digitalisering, lokalisert til Sogn og Fjordane (Leikanger)
  • Fylkesdirektør for økonomi og organisasjon, lokalisert til Hordaland (Bergen)

Laurdag kan du lese om stillingane på rekrutteringsfirmaet Experis sin nettstad:

www.experis.no/vestland-fylkeskommune

Denne artikkelen er også publisert på hfk.no og sfj.no.