Underteikning av avtalen på fullriggaren Sørlandet under Arendalsveka. Frå venstre: Jostein Fjærestad (Vestland), Kristian Thowsen (Viken), Gro Bråten (Aust-Agder), Jan Sivert Jøsendal (Vestfold og Telemark), Terje Damman (Vest-Agder), Rune Hogsnes (Vestfold), Solveig Ege Tengesdal (Rogaland) og kystdirektør Einar Vik Arset. (foto: Olav Helge Matvik/Kystverket)

Vestland overtek 99 statlege fiskerihamner

– Med gode kaier og hamneanlegg skal vi legge til rette for fiskerinæringa, seier direktør for næring i nye Vestland fylkeskommune, Bård Sandal. Avtale om overføring av 99 fiskerihamner i Hordaland og Sogn og Fjordane frå staten til fylkeskommunen er inngått.

Publisert 16.08.2019 av Redaksjonen

Frå årsskiftet blir dei 99 statlege fiskerihamnene i dei to Vestlandsfylka overført frå Kystverket til Vestland fylkeskommune. 46 ligg i Hordaland og 53 i Sogn og Fjordane. Fylkeskommunen skal eige og vedlikehalde hamnene, mens drifta skal kommunane stort sett ta seg av.

– Her får vi ein nye arena der vi, saman med fiskerinæringa, skal legge til rette for infrastruktur for næringa. Saman med Nordland, Troms og Finnmark blir vi dei største fiskerifylka i landet. Vi har store miljø, spesielt i Sunnhordland, Måløy, Florø og Bremanger, seier påtroppande direktør for innovasjon og næringsutvikling, Bård Sandal.

Møte med kommunane

Det har alt vore fleire møte mellom fylkeskommunen og kommunane om utvikling av fiskerihamnene.

– Kommunane er opptatt av å legge til rette for fiskeria som viktig næring. Vi er opptatt av at foredling av fisken skal gjerast på land. I dag foredlar og pakkar store fabrikktrålarar fisken om bord og køyrer rett til hamn i EU og leverer. Vi vil heller ha arbeid knytt til foredling på land for å oppretthalde busettinga. Til det må vi ha gode kaier og hamneanlegg, seier Sandal.

Nytt fagområde

Dei 99 fiskerihamnene blir lagt inn i porteføljen til eigedomsavdelinga i den nye Vestland fylkeskommune.

– Dette er eit nytt fagområde for oss der vi ikkje har så stor kompetanse. Det blir ei utfordring å få på plass godt vedlikehald av fiskerihamnene, seier påtroppande eigedomsdirektør Jostein Fjærestad i Vestland fylkeskommune.

Etterslepet på vedlikehald av dei 99 fiskerihamnene er kalkulert til meir enn 50 millionar kroner. Det følgjer ikkje pengar med overtakinga frå staten, men Stortinget har vedteke at rammeoverføringane frå staten skal aukast. Dei blir ikkje øyremerka. Ein fagansvarleg for hamneanlegga skal tilsettast i den nye fylkeskommunen.

Ringverknader

Avtalen om overføring av fiskerihamnene vart underteikna om bord på fullriggane Sørlandet under Arendalsveka. I alt inngjekk fem fylkeskommunar avtale i denne omgangen: Nye Viken, nye Vestfold og Telemark, Agderfylka, Rogaland og nye Vestland. I alt overtek desse fylka 150 fiskerhamner, der to tredelar går til Vestland.

– Å etablere infrastruktur for fiskeria har i alle år vore eit viktig oppdrag for Statens Hamnevesen og Kystverket. Utbygginga har hatt store ringverknader for mange lokalsamfunn langs kysten, sa kystdirektør Einar Vik Arset ved signeringa.

Overføring av fiskerihamnene er ein del av arbeidet med å overføre oppgåver frå staten til fylkeskommunane, vedteke av Stortinget. Statens Hamnevesen og Kystverket har etablert fleire enn 700 fiskerihamner over ein periode på 150 år.

– Hamneportefølja til staten er eit solid fundament som fylka kan byggje vidare på i utvikling av næring og samfunn framover, meiner kystdirektøren.

Kompetanseoverføring

Avtaler med dei resterande fylka skal etter planen bli inngått i oktober og november. Samstundes med overføringa gjennomfører Kystverket kompetanseoverføring til fylka slik at fylka skal kjenne seg tryggje i rolla som utviklar og forvaltar av hamneinfrastruktur.

Ein del av dei statlege fiskerihamnene er ikkje lenger i bruk av fiskerinæringa. Kystverket skal søke å avhende desse hamnene før regionreforma trer i kraft. Ein del hamner vil difor bli selde til kommunar, foreiningar eller private aktørar i løpet av 2019.