OVERBLIKK: Vestland fylkeskommune sin visuelle identitet viser forenkla utsnitt av fylket sett frå lufta.

Vestland får spreke fylkesfargar

I samband med konstituerande fylkesting blir dei første smakebitane av Vestland fylke sin visuelle identitet presentert. Det nye fylket får spreke fargar og visuelle tilleggselement i fugleperspektiv.

Publisert 15.10.2019 av Redaksjonen

«Overblikk» er namnet på designkonseptet Tank Design har gitt Vestland fylkeskommune sin visuelle identitet. Gjennom ei forenkla framstilling av landskapet sett ovanfrå, er det teikna inn fjord, skog, fjell, by/tettstad, isbre, vêr, og dei fylkeskommunale tenestene veg, vidaregåande skular og tannklinikkar. Alle desse kjenneteikna har fått kvart sitt visuelle mønster.

– For dei med god geografisk kunnskap og eit skarpt blikk kan ein sjå kor i fylket kartutsnittet er henta frå. Det er mogleg å variere utsnittet og fargene, men utrykket vil opplevast som likt og attkjenneleg for fylkeskommunen sine produkt, seier Hilde Joranger Mæland, påtroppande kommunikasjonssjef i Vestland fylkeskommune.

Storslått natur

Den visuelle identiteten er knytt til fylkesvåpenet, som vart vedteke i juni. Det viser fjordlandskap med to fjell som stuper ned i fjorden. Tank har òg hatt naturen som førande for sitt arbeid, men der fylkesvåpenet er ein attgjeving av kystlina sett ståande framanfrå, har designkonseptet «Overblikk» teke utgangspunkt i eit perspektiv ovanfrå.

– «Overblikk» seier noko om styring, oversikt og inkludering og er ein fin metafor for heile fylket sitt verke. I fugleperspektiv har vi eit overblikk over heile fylket, med dei karakteristiske fjordane, den taggete kystlina og ein idé om menneska som bur der, seier Ina Brantenberg, kreativ leiar i Tank.

Kartutsnitta viser med ulike mønster nokre kjenneteikn for fylket som vegar, fjell, vêr, hav/fjord.

Sprek palett

Fargepaletten til «Overblikk» består av ein primærpalett og ein sekundærpalett. Hovudfargen i fargepaletten er henta frå våpenskjoldet. Dette er ein djup og mørk blå som kan minne om hav og fjord. Primærpaletten har i tillegg fire lyse, moderne og optimistiske fargetonar som kontrasterer den djupe blå fargen. Sekundærpaletten består av åtte fargetonar, fire kalde og fire varme farger.

– Fargane i begge palettene er klare og moderne fargar som ikkje utfordrar den djupe blå i intensitet, men gjev ein god og behageleg kontrast, seier Ina Brantenberg.

Fargane i paletten er nye for Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar og vil såleis sameine både tilsette og innbyggjarar i nye felles fylkesfargar.

Skrifttype viktig for heilskapen

Den visuelle verktøykassa til fylket er rykande fersk og framleis under utvikling. Ho skal bestå av våpenskjold, namnetrekk, fargepalett, tilleggselement, skrifttype, ikonsett og fotostil. Sjølve logoen, som er fylkesvåpenet og namnetrekket, er nøye vurdert slik at det gjer eit godt heilskapleg uttrykk. Skrifttypen er basert på geometriske prinsipp der enkelheit, klarheit og minimalisme er framtredande, men med sine asymmetriske detaljar opptrer han dynamisk, moderne og frisk.

– Det var heilt avgjerande at typografien skulle stå til våpenskjoldet i sin minimalistiske og reine stil. Typografien for namnetrekket heter Soleil, som er fransk for sol, noko vi sjølvsagt ønskjer mykje av for Vestland sin del, seier Ina Brantenberg.

I all kommunikasjon utanom logoen er skrifttypen Roboto valt. Den har lang fartstid, spesielt på digitale flater. Skrifttypen er godt lesbar, og med eit klart og tydeleg preg som eignar seg godt både i store storleikar og i lita skrift.

Bokstavane til namnetrekket i logoen er nøye vurderte for å passe til våpenskjoldet i sin minimalistiske og reine stil.

Den visuelle identiteten til verksemder skal vise omverda tydeleg kven som er avsendar eller eig eit produkt.

– For Vestland sin del er òg ønsket at «Overblikk» skal bidra til at alle innbyggarar kan kjenne at dei er med og inkluderte i Vestland. Og forhåpentlegvis blir du i godt humør av fargane, sjølv på ein typisk gråvêrsdag, seier Hilde Joranger Mæland.