Informasjon for tilsette frå Statens vegvesen

Tilsette i Statens vegvesen som skal over til Vestland fylkeskommune har mange spørsmål om tilsetjingstilhøvet. Nedanfor er ei oversikt over kva som gjeld for dei som blir tilsett etter punkt 3, 4 og 7 i overføringsavtalen mellom SVV og Vestland fylkeskommune.

Fylkeskommunane tek over heile ansvaret for fylkesveg 1. januar 2020, og Vestland fylkeskommune er i gang med å etablere ein ny og kompetent vegadministrasjon.

Målet er at tilsette ikkje skal oppleve urimelege skilnadar, korkje i føresetnadar, rettar eller løn.
For tilsette som blir overført til Vestland frå Statens vegvesen tyder dette:

  • Du tar med deg årsløn, faste tillegg og ansiennitet.
  • Dei som går frå Statens vegvesen til Vestland fylkeskommune får med seg pensjonsrettane sine til Vestland si pensjonsordning, altså opptent tid i Statens pensjonskasse frå første dag.
  • Pensjonsytingane blir regulert i hovudtariffavtalen vår.

–  Saman skal vi forvalte, planleggje, byggje og drifte 5600 km fylkesveg i Norges mest utfordrande landskap. Det skal vi gjere på ein nyskapande og berekraftig måte, og eg gler meg til samarbeid med mange nye kollegaer, seier Dina Lefdal, påtroppande fylkesdirektør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.

Foto av Dina Lefdal.

Dina Lefdal blir fylkesdirektør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.

Ofte stilte spørsmål – og svar

Korleis overføre filer frå «hjemmeområdet» – epostadresser ?

Du kan overføre filer frå heimeområdet (privat) hos Statens vegvesen til nytt heimeområde i Vestland fylkeskommune (VLFK).

Vestland fylkeskommune nyttar OneDrive for sine tilsette sine heimeområde (privat). Det blir sendt ut SMS fortløpande med nye brukarnavn og informasjon om aktivering fram til 19. desember.

Når du har aktivert brukarkontoen din, kan du starte opplasting av filer og dokument frå heimeområde i Statens Vegvesen til ditt nye, private heimeområde i Vestland fylkeskommune.

Gå først inn på office.com – logg på med epost-adressen du får i Vestland fylkeskommune, og nytt ditt personlege passord.

E-postlista blir oppdatert, sist oppdatert 11. desember:

Overføring av ferie og fleksitid

  • Tilsette som vert overførte frå SVV til fylkeskommunen etter punkt 3, 4 og 7 i avtalen mellom SVV og Vestland fylkeskommune skal få med seg like mykje fleksitid inn i Vestland som tilsette i fylkeskommunane, det vil seie opp til 50 timar.
  • Tilsette som vert overførte frå SVV til fylkeskommunen etter punkt 3, 4 og 7 i avtalen mellom SVV og Vestland fylkeskommune skal få med seg like mykje fleksitid inn i Vestland som tilsette i fylkeskommunanekan få med seg inntil 10 feriedagar.
    For ferietid som ikkje er avvikla, følgjer det av endringslova at arbeidstakarar som blir tilsett etter avtalen, held fram med same årsløn.
    Av Prop. 79 L (2017-2018) s. 40 går det fram at «[m]ed lønn menes årslønn, opptjente rettigheter til feriepenger og feriefritid, ettersom dette er inkludert i årsverkkostnadende på 1 060 000 kroner per ansatt, slik det legges til grunn i budsjettoverføringen knyttet til stillingene». Den rådgjevande gruppa seier også at ferietid som det etter ferielova er lov til å overføre frå inneværande ferieår til neste (to veker), blir overført til arbeidsforholdet i fylkeskommunen. Tilsette som på overføringstidspunktet har ferie til gode, får soleis denne overført.
  • Statens vegvesen understrekar at for tilsette med store ferie- og fleksitidssaldoar, blir det jobba med sikte på avvikling av ferie og avspasering.

Lokalisering – kontorsituasjonen

I Bergen er det avklart at kontorstad mellombels vert på Sandsli fram til nytt fylkesbygg er klart. I Leikanger skal fylkeskommunen leige ein etasje i bygget som SVV held til i no.

Når det gjeld kontorstadar i Odda og på Stord blir det samlokalisering med SVV. I Førde vil ein leige nye lokale i Hafstadgården (plan 3) i Hafstadvegen 48 og på Nordfjordeid i sentrumsbygget som har adresse Lotevegen 23. På Voss skal vi vere mellombels på Tvildemoen før vi flytter til eit nytt næringsbygg på Voss stasjon.

Geografisk inndeling – vert det mykje reiseverksemd?

Fylkeskommunen si geografiske organisering tilseier at det vert noko reiseverksemd for tilsette, avhengig av kva stilling ein har.
Nett kva dette betyr for kvar einskilde tilsett, er uråd å seie noko om no.

Vi legg til rette for at ein brukar videomøter og liknande løysingar i så stor grad som råd.

Korleis vil fullmakter vere i forhold til skiltmynde og rollefordeling mellom Svv-Fylkeskommunene? J.fr. e-post sendt ut frå sentralt hald.

Det må gjerast meir detaljerte avklaringar på rollefordeling og fullmakter innafor dette området.

Det trengst ei presisering frå Vegdirektoratet på framtidig arbeidsfordeling.

Vi har forstått det slik at skiltforskrifta ikkje skal endrast inn til vidare. Det betyr at fylkeskommunen foreløpig ikkje får mynde til å gjere skiltvedtak.
Men vi forstår det slik at det er fylkeskommunale tilsette som skal sakshandsame og førebu sakene, og at dette vil utgjere hovudtyngda av oppgåvene.

Når det gjeld vedtak om graveløyver (veglova), der andre vil grave i fylkesveg, har vi forstått det slik at fylkeskommunen får fullmakt til dette.

Vil det bli nokon kompensasjon for vesentleg lenger reiseveg? Moglegheit for heimekontor?

Ein er godt i gang med ein prosess for å avklare kompenserande tiltak knytt til lang reiseveg og jobbe frå heimen, men det er ikkje gjort noko endeleg vedtak.

Ein legg opp til at tiltak på individnivå vil bli gjort etter ei individuell vurdering basert på ei totalvurdering av den særlege meirbelastninga for den einskilde i form av samla reisetid og -måte, auka reisekostnadar, helse og livssituasjon.

Dei reglane og tiltaka som vert vedtatt skal og gjelde for dei som kjem med over frå SVV.

Justering av kjernetida og utvida rammer for bruk av fleksitid, samt høve for parkering for dei som vil nytte eigen bil til Sandsli er også aktuelle tiltak.

Er stillinga heilt definert eller får eg mulegheit til å vera med å forma stillinga?

Det vil variere frå stilling til stilling, men i mange tilfelle vil det vere mogleg og ønskjeleg at dei tilsette er med å utforme fagområdet og korleis oppgåver skal løysast.

Vi ønskjer engasjerte medarbeidarar som kjem med forslag til korleis ein kan få til effektive og gode arbeidsprosessar.

Vil stillingene bli tilpasset våre oppgaver i dag, eller blir det store endringer? Er det rom for justeringer hvis en ser at VFK har bommet på stillingsbeskrivelsen i fht den kompetansen vi har?

Det vil variere frå stilling til stilling, men i mange tilfelle vil det vere mogleg og ønskjeleg at dei tilsette er med å utforme fagområdet og korleis oppgåver skal løysast.

Vi ønskjer engasjerte medarbeidarar som kjem med forslag til korleis ein kan få til effektive og gode arbeidsprosessar.
plas

Vet du hvordan fagfeltet vårt skal behandles i forhold til politikken? Er det stor grad av delegasjon, eller skal de fleste sakene avklares politisk?

Det vil ikkje bli lagt opp til detaljstyring frå politisk hald. I prinsippet skal politiske nivå vedta overordna strategi, retningslinjer, planar, prioriteringar og økonomiske rammer, samt større prinsipielle saker.

Ein legg opp til at det som i dag er delegert til regionvegsjefen vert delegert til fylkesdirektør for infrastruktur og veg frå 01.01.2020. Korleis fullmaktsstrukturen vert internt i den nye avdelinga er ikkje avklart. Her vil ein involvere leiargruppe og tilsette for å få ein handlekraftig og effektiv organisasjon.

Vi må rekne med at det kjem ein del detaljspørsmål og bestillingar frå politisk hald som administrasjonen må svare ut. Kva område dette gjeld for er avhengig av den politiske dagsorden og saker som blir lagt fram til politisk handsaming.

Det var sagt at det er 400 parkeringsplasser på Sandsli. Blir det avgift på de plassene?

Det blir mellom 350-400 plassar. Det vil bli etablert eigne plassar med ladepunkt, som blir tildelt etter individuell vurdering av HR. Som i dag vil det vere ein viss eigenbetaling for slik lading. For dei som ikkje skal lade, er det gratis å parkere.

Vegvesenet har signalisert at tilsette kan ta med datautstyret sitt. Korleis vil dette handterast praktisk?

Det er sannsynleg at det vil verte kjøpt inn nye PCar til tilsette om går over til Vestland, for å sikre at alle har utstyr som fungerer frå dag ein. Desse skal vere tilpassa til tiltenkt brukt.

Kva skjer med mobilabonnementet mitt og -telefonen?

Du som ikkje er tilsett i fylkeskommunen frå før, får nytt telefonabonnement i Vestland fylkeskommune.

Ny dato for overføring til nye abonnement: torsdag 9. januar kl. 09.00.

Statens vegvesen-tilsette har i dag abonnement i Telenor, Vestland fylkeskommune sin telefoniavtale er med Phonero. Dei som skal skifte til Phonero får behalde Telenor fram til overføringa. SIM-kort vil bli sendt rett til dei ulike kontorstadane. Arbeidet med å finne alle nummer som skal overførast går føre seg no.

Vi kjem tilbake med meir informasjon om dei meir praktiske sidene knytt til denne overføringa.

I Hordaland har Phonero og Telenor om lag like god dekning, med nokre unntak. I Sogn og Fjordane har Phonero til dels dårlegare dekning, og det er difor bestemt at følgjande skal ha Telenor-abonnement:

  • Alle med arbeidsplass i dagens Sogn og Fjordane som er «ute på vegen».
  • Det vil bli vurdert kven av dei som med arbeidsplass i dagens Hordaland som skal ha
    Telenor- abonnement.

Dei fleste som skal ha Telenor har det allereie i dag, og overføringa skjer utan at bruker treng å gjera noko.

Arbeidsklede

Innkjøpsprosessen er i gang. Vi skal sjå på kva typar plagg og verneutstyr det er behov for.

Tenestebilar

Vi arbeider for å få dette på plass, men det kan verte midlertidige løysingar i ei viss tid.

Det vil truleg bli overført ein del køyretøy, men det er ikkje klart kor mange det blir. Statens vegvesen jobbar med å få dette avklart.

Kva med mellombels lokale som er i bruk i dag?

Vi har som mål at slike lokale, som til dømes prosjektkontor, vert vidareført.

Kva moglegheit vert det til å ta kurs og etterutdanning?

Det er vanskeleg å svare spesifikt på dette no, men generelt kan eg seie at begge dagens fylkeskommunar set kursing og etterutdanning av sine tilsette høgt, og det er ikkje grunn til å tru at dette vil endre seg etter at dei går saman til å bli Vestland. Nivået av slike aktiviteter vil naturleg variere frå avdeling til avdeling, alt etter kva ansvarsområde det er tale om.

Løn og lønsforhandling

Dei tilsette som kjem over frå Statens vegvesen har dei same rettane som alle andre tilsette hjå FK og blir difor med i forhandlingane for 2020. Når det gjelder virkningsdato så er ikkje den datoen bestemt. Sogn og fjordane har som du nemner 1. januar og Hordaland 1. mai.

Forstod eg det rett sånn at heile Infastruktur og veg skulle bli plassert i 3 etasje hos Statens vegvesen? Skal vi ha ambisjonar om å selje oss ut som ein ressurs for heile FK, og ikkje berre Infrastruktur og veg, så vil det bli mykje tyngre når vi ikkje sitt på same bygg.

Det er rett forstått at slik det ser ut no så skal dei tilsette på avdeling for veg og infrastruktur i Leikanger vere lokalisert i 3-etasje hos Statens vegvesen. Vi deler vurderingane dine når det gjeld samlokalisering med resten av fylkeskommunen. Ei forklaringa på kvifor det blei slik er at det er under planlegging ei større rehabilitering av fylkeshuset i Leikanger. Det er ikkje avklart når denne kjem, for å unngå å flytte på medarbeidarar mange gonger så var vurderinga at det var enklast og kanskje den einaste praktiske moglege løysingar at avdeling for infrastruktur og veg nyttar 3-etasjen hos Statens vegvesen frå årsskiftet.

Skal FK handtere akutte skredhendingar på vegnettet på same måte som SVV i dag, eller skal dette dekkast frå SVV?

Ja, fylkeskommunen skal handtere akutte skredhendingar på vegnettet på same måte som hjå SVV i dag. I ein del område vil vi framleis ha felles driftskontrakter og samarbeid om beredskap

Beredskapsordning fordelt ut på 15 personar. Korleis blir dette i FK?

Dette er ikkje avklara, men det blir ei beredskapsordning. Mulig eit samarbeid med SVV og eksterne.

Utstyr

Vi har registrert kva utstyr vi treng i arbeidet vårt og som vi ønskjer overført frå Statens vegvesen. Enten blir utstyret de treng overført til fylkeskommunen eller så blir det kjøpt inn nytt utstyr der det er behov.

Blir det eigne tenestebilar for bruk på Geoseksjonen. Dette har me god tilgang på i dag, og det er viktig for oss då mykje av vår aktivitet er vanskeleg å planleggje lang tid i førevegen. Me har også mykje utstyr i bilane våre.

Det vert utarbeida ei liste over aktuelle bilar som vi meiner det er riktig å få overført.

I dag er me observatørar for snøskredvarslinga varsom.no. Dette er viktig for oss, særleg fordi me får fyrstehandskunnskap om snødekke og snøforhold. Dette er viktig når det gjeld drift av skredutsette veger. Er det aktuelt også i FK?

Det tar vi sikte på å få til.

Skjøner at det er mykje som ikkje er avklara enda, men når det gjeld arbeidssituasjonen generelt vil det vel bli mykje som i SVV i dag? Arbeid både med drift og anleggsprosjekt, samt oppfølging av anlegg?

Ja, arbeidet blir som før, både på drift/skred og anlegg.

Kva system er det for reiserekningar?

Nettbasert løysing som fungerer greitt.

Kva reglar gjeld for fleksibel arbeidstid i Vestland?

I framlegg til reglar som ligg føre, som skal handsamast no, står det følgjande om kjernetid og ytre arbeidstid:

«6. Kjernetid og ytre arbeidstid
Med kjernetid forstår vi det tidsrommet der alle skal vere til stades. Med ytre arbeidstid (”kometid” og ”gåtid”) forstår vi det tidsrommet der oppstart og slutt på arbeidstida kan variere frå dag til dag.

Ordinær arbeidstid i VLFK er måndag – fredag kl. 08.00 – 15.30

Ordinær arbeidstid i fylkesadministrasjonen er måndag – fredag:
Frå 15.09 – 14.05 kl. 08.00 – 15.45
Frå 15.05 – 14.09 kl. 08.00 – 15.00

Kjernetida i VLFK er kl. 09.00 – 14.30

I fylkesadministrasjonen er kjernetida:
kl. 09.00 – 14.45 i perioden 15.09 – 14.05 (vinter)
kl. 09.00 – 14.00 i perioden 15.05 – 14.09 (sumar)
Ytre arbeidstid i VLFK er frå kl. 06.00 – 09.00 og kl. 14.30 – 21.00

I fylkesadministrasjonen er ytre arbeidstid: Kl. 06.00 – 09.00 heile året og kl. 14.45 – 21.00 i perioden 15.09 – 14.05 og kl. 14.00 – 21.00 i perioden 15.05 – 14.09.

Fleksitid vert godskrive berre innafor dei ytre rammene.

Etter individuell avtale mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar kan det arbeidast fleksitid også på frilaurdagar med inntil 5 timar mellom kl. 07.00 og kl. 18.00. Opparbeiding av plusstimar utanom ytre arbeidstid elles kan berre skje etter nærare avtale med arbeidsgjevar.

Den einskilde arbeidstakar kan som hovudregel ikkje arbeide meir enn 12 timar pr. dag eller meir enn 48 timar pr. veke jf. aml. kap. 10 og særavtale om fleksibel arbeidstid i staten.»

Gruppelivforsikring – skilande mellom stat og fylkeskommune

SVV: Arbeidstakarar som er omfatta av Hovudtariffavtalen i staten er dekka av ei gruppelivsordning ved dødsfall etter HTA §23. Ektefelle eller sambuar får utbetalt 10 G, medan kvart barn under 25 år får utbetalt 4 G. Dette er uavhengig av om dødsfallet skjer i arbeid eller på fritida, eller om det er sjukdom eller ulykke som er årsaka til dødsfallet.

FK: For arbeidstakarar som er tilsett i kommunen, her arbeidstakarar som går på arbeidsavklaringspengar eller uføretrygd, blir det ved dødsfall utbetalt eit eingangbeløp til ektefelle/partnar etter lov om registrert partnarskap, sambuar eller andre som for ein vesentleg del vart forsørga av arbeidstakaren. Beløp er 10 G under 51 år, og så nedtrapping med ein halv G per år fram til 5 G.

For fleire detaljar sjå HTA for kommunal sektor https://www.ks.no/globalassets/fagomrader/lonn-og-tariff/hovedtariffavtalen-1.5.2018-30.4.2020.pdf

og personalhandbok for statleg sektor  https://lovdata.no/dokument/SPH/sph-2019/KAPITTEL_4#KAPITTEL_4

Yrkesskade og yrkessykdom – Skilnad mellom stat og fylkeskommune

SVV: yrkesskadeforsikringslova gjev rett til erstatning for skader og sjukdomar som arbeidstakarar blir påført i arbeid, på arbeidsstaden i arbeidsstida. Yrkesskadeforsikringa skal dekke lidt tap, tap i framtidige erverv, og utgifter som skaden ein trur vil påføre skadelidte i framtida. Om skadelidte har fått varig og betydeleg skade av medisinsk art, skal det gjevast særskilt menerstatning. Om arbeidstakar dør som følgje av ein yrkesskade eller yrkessjukdom skal yrkesskadeforsikringa gje erstatning til dei som arbeikstakaren heilt eller delvis forsørga. Etter denne særavtalen blir reiseulykke erstatta om den medfører død eller medisinsk invaliditet med inntil 15 G (reiser i Norge) og 30 G (reiser i utland).

FK: ved yrkesskade/yrkessykdom (godkjent av NAV som yrkesskade) som følgje av arbeid i kommunal verksemd, tilstås ein eingangserstatning utrekna etter folketrygda sitt grunnbeløp på skademeldingstidspunktet. Bestemminga skal også gjelde når ein arbeidstakar blir skada som følgje av vold og/eller trugsmål frå klien/brukar/elev eller på fritida og som fører med seg heil eller delvis arbeidsuførheit eller dødsfall. Tilsvarande erstatning blir utbetalt når arbeidstakarane blir skada ved ulykke på direkte reise mellom heim og arbeidsstad, og på tenestereise. Ved yrkesskade/yrkessjukdom som fører til ervervsmessig uførheit på 100%, blir erstatningssummen satt til 15 G. Ved varig medisinsk invaliditet på minst 15% blir det i tillegg ytt meinerstatning på følgjande måte: 15-29% gir 1 G, 30-70% gir 2 G og over 70% gir 3 G.

Den samla erstatninga til dei etterlatne kan ikkje overstige 18 G.

For fleire detaljar sjå HTA for kommunal sektor https://www.ks.no/globalassets/fagomrader/lonn-og-tariff/hovedtariffavtalen-1.5.2018-30.4.2020.pdf

og personalhandbok for statleg sektor  https://lovdata.no/dokument/SPH/sph-2019/KAPITTEL_4#KAPITTEL_4

Reiseforsikring – skilnad mellom stat og fylkeskommune

(svar kjem så snart det er klart)

Kva med stillingsvernet?

Tilsette i SVV som går over etter overføringsavtalen punkt 3, 4 og 7 får same vernet som tilsette frå fylkeskommunane, det vil seie 5 år. Det same gjeld dei som no søker stilling og kjem frå SVV.

Kva med datautstyr og PC?

Det vil verte kjøpt inn nye PCar til tilsette om går over til Vestland. Det er bestemt at tilsette i Statens vegvesen som skal over skal ta med seg skjermar, tastatur/mus, kamera/headset.

Som tidlegare opplyst er det no bestemt at dei tilsette på Leikanger og Sandsli vil få utlevert PC-ar og få oppstartshjelp 2. januar. Tilsette med kontorstad på Leikanger og Sandsli og som har ein viktig beredskapsfunksjon vil få utlevert PC-ar i god tid før årsskiftet.

For alle dei andre kontorstadane vil det bli utlevering og oppstartshjelp 19. desember. Merk at dette er ein ny dato! Du vil få meir informasjon frå næraste leiar om møtestad og tidspunkt når det nærmar seg.