Dette er nokre av dei tenesta som fylkeskommunen har ansvar for

Vidaregåande opplæring

Vestland får meir enn 23 000 elever i vidaregåande opplæring. Om lag 20 000 av dei kjem til å gå på ein av dei 46 skulane til fylkeskommunen. Mange elevar har rett på skuleskyss, som òg blir levert av fylkeskommunen. Vi gir ekstra hjelp til dei som treng det for å fullføre vidaregåande, og vi tilbyr karriererettleiing til alle.

Fylkesvegar og kollektivtrafikk

Fylkeskommunen har ansvar for utvikling og vedlikehald av fylkesvegar. Med det nye fylket overtek vi fleire oppgåver frå Statens vegvesen. Vi skal fortsette å legge til rette for gode og miljøvennlege kollektivtilbod i heile fylket. Slik når vi òg klimamåla vi har forplikta oss til.

  • Det blir totalt 5547 km med fylkesveg i det samanslegne fylkeskommunen. Hordaland har i dag 2947 km, medan Sogn og Fjordane har 2600 km.
  • Ein køyretur med bil frå Sør i Hordaland (Sveio) til nord i Sogn og Fjordane (Selje) er 455 km (E39) og tek ca. ni timar å køyre.
  • Kollektivtilbodet i dagens to fylke vert i dag drifta av Kringom (Sogn og Fjordane) og Skyss (Hordaland), som er einingar under samferdsleavdelingane i fylka.

Tannhelse

  • Vestland får 57 tannklinikkar som skal yte god tannhelsehjelp og førebyggjande arbeid. Målet er null hull.
  • Om lag 30 prosent av innbyggjarane har i dag rett til gratis tannhelsetilbod. Dette er barn og ungdom, grupper av eldre, langtidssjuke, uføre og psykisk utviklingshemma.
  • Tannhelsetenesta har også tilbod om behandling til betalande pasientar etter kapasitet.
  • Tannhelsetenesta kompetansesenter Vest/Hordaland (TkVest/Hordaland) er eit av seks regionale kompetansesentre i odontologi, og held til i Bergen.

Kultur

Vi skal legge til rette for godt kulturliv i heile Vestland. Fylkeskommunen syt for eit variert tilbod innan bibliotek, film, musikk, scenekunst og visuell kunst. Eitt av måla er å tilby engasjerande opplevingar for alle.

Næringsutvikling

Vi skal jobbe for nyskaping, vekst og arbeidsplassar i nærområda i Vestland. Fylkeskommunen støttar kommunar og næringsliv, og legg til rette for å forvalte naturressursane på ein berekraftig måte.

Klima og miljø

Vi planlegg for framtida for å redusere klimagassutslepp i Vestland. Fylkeskommunen legg mellom anna til rette for å bygge ladeplassar for bil og båt. Vi bidrar til forsking på miljø, klima og fornybar energi. Saman med kommunar, næringsliv og organisasjonar skal vi oppnå felles klimamål.

Meir om dei fylkeskommunale tenestene vi har i dag, finn du på www.hordaland.no og www.sfj.no.