Fylkeskommunale tenester

Elevar i vidaregåande skular

  • Sogn og Fjordane og Hordaland har i dag til saman 46 fylkeskommunale vidaregåande skular.
  • Dei fylkeskommunale vidaregåande skulane har skuleåret 2017–2018 til saman 15 983 elevar i Hordaland og 4063 elevar i Sogn og Fjordane.

Fylkesvegar og kollektivtrafikk

  • Det blir totalt 5547 km med fylkesveg i det samanslegne fylkeskommunen. Hordaland har i dag 2947 km, medan Sogn og Fjordane har 2600 km.
  • Ein køyretur med bil frå Sør i Hordaland (Sveio) til nord i Sogn og Fjordane (Selje) er 455 km (E39) og tek ca. ni timar å køyre.
  • Kollektivtilbodet i dagens to fylke vert i dag drifta av Kringom (Sogn og Fjordane) og Skyss (Hordaland), som er einingar under samferdsleavdelingane i fylka.

Tannhelse

  • Den fylkeskommunale tannhelsetenesta i Hordaland og Sogn og Fjordane har i dag til saman 63 tannklinikkar og 525 tilsette.
  • Om lag 30 prosent av innbyggjarane har i dag rett til eit gratis tannhelsetilbod: barn og ungdom, grupper av eldre, langtidssjuke, uføre og psykisk utviklingshemma.
  • Tannhelsetenesta har også tilbod om behandling til betalande pasientar etter kapasitet.
  • Tannhelsetenesta kompetansesenter Vest/Hordaland (TkVest/Hordaland) er eit av seks regionale kompetansesentre i odontologi, og held til i Bergen.

Meir om dei fylkeskommunale tenestene vi har i dag, finn du på www.hordaland.no og www.sfj.no.