Snøggbåtane skal bli meir miljøvenlege.

Utset sak om miljøvenlege snøggbåtar

Vestland fylkesutval utsette saka om satsing på miljøvenlege snøggbåtar. Ein del problemstillingar vart drøfta i møtet som fylkesrådmannen skal leggje fram eit notat om til neste møte 3. desember.

Publisert 14.11.2019 av Redaksjonen

Problemstillingane går mellom anna på økonomien i å kjøpe og drifte miljøvenlege snøggbåtar og kor langt teknologien er komen. Det blir og opna for at representantane i fylkesutvalet skal kunne sende inn spørsmål i saka som blir svart ut i forkant.

Bakgrunn for saka er at dei noverande kontraktane for snøggbåtane i Sogn og Fjordane går ut 30. april 2022. Fylkestinget i Sogn og Fjordane har tidlegare vedteke å innføre meir miljøvenlege kontraktar.

Vedtaket om utsetting av saka til 3. desember vart vedteke av A, Sp, V, KrF, MDG, SV og H. Dei to frå Frp og dei to frå FNB røysta imot.