Realkompetanse

Realkompetanse er summen av den kunnskapen du har samla deg gjennom arbeid, fritid og utdanning.

Kva er realkompetansevurdering?

Ei realkompetansevurdering er ei verdsetting av den formelle og uformelle kompetansen du har opparbeida deg i ditt vaksne liv. Det vil seie kompetanse du har opparbeida deg igjennom utdanning, lønna og frivillig arbeid og på andre sosiale arenaer. Vurdering av kompetansen blir gjort opp i mot læreplanane i fag i vidaregåande opplæring for vaksne.     

Ei realkompetansevurdering verdset den kompetansen du allereie har. Ofte blir ei slik vurdering brukt til å avkorte eit utdanningsløp ved at kandidat får godkjent nokre eller delar av fag. Tanken er at du ikkje skal trenge å få opplæring i det du alt kan.

Ei realkompetansevurdering kan også brukast til å vurdere ein kandidat heilt fram mot ein sluttkompetanse. Til dømes i eit yrkesfagleg løp, kan ein realkompetansevurderast heilt fram til fagprøven, om ein har kompetansen som skal til på vg1, vg2 og vg3-nivå. Det er viktig å merke seg at sjølve fagprøva ikkje kan realkompetansevurderast.     

Du kan søkje realkompetansevurdering når du er over 25 år, og du søkjer om dette på vigo.no (Vel vaksenopplæring og Vestland når du loggar inn).

Du må ha fullført grunnskule eller tilsvarande, vere busett i Vestland og ha lovleg opphald i Noreg. 

For at vi skal få vurdert om du har rett på realkompetansevurdering, er det viktig at du lastar opp dokumentasjon på gjennomført grunnskule eller liknande, samt opphaldsløyve.  

Om du har anna formell kompetanse som kan dokumenterast, som til dømes vitnemål på vidaregåande nivå eller høgare utdanning, arbeids- og/eller praksisattestar, er det og viktig at du lastar opp desse saman med søknaden din.

Arbeidsattestar må seie noko om kva arbeid du har hatt, kor stor stillingsstorleik og kva arbeidsoppgåver du har hatt. 

Om du har rett til gratis vidaregåande utdanning for vaksne, har du og rett på gratis realkompetansevurdering. Vurderinga på om du har vaksenrett, blir gjort av Rettleiingstenesta, når du søkjer realkompetansevurdering i vigo.

Om du søkjer realkompetansevurdering i forbindelse med inntak til ei utdanning du har fått plass på, er det gratis å gjennomføre vurderings sjølv om du ikkje har vaksenrett.

Om du ikkje har vaksenrett eller søkjer realkompetansevurdering i samband med inntak til ei utdanning, må vurderinga betalast av kandidat sjølv eller anna instans, som til dømes NAV eller integreringsteneste. For prisar, kan du kontakte Rettleiingsteneste som ligg nærast der du bur.    

Du kan førebu deg ved å gå igjennom læreplanen i faget du skal realkompetansevurderast i. Du finn læreplanane på udir.no.

Du kan også låne bøker i faget på næraste skulebibliotek. Eventuelt kan du kjøpe bøkene om du ønskjer det.    

  1. Når du søkjer realkompetansevurdering i vigo, vil du bli kontakta av ein rådgjevar i Rettleiingstenesta. Om du ikkje alt har lasta opp dokumentasjon som skildra over, vil du bli bedt om dette før søknaden kan behandlast vidare. Du vil vidare kallast inn til ein samtale med rådgjevar og saman finn de ut om det er aktuelt å realkompetansevurdere deg og eventuelt opp imot kva fagområde.

  2. Når du er klar for å gjennomføre realkompetansevurderinga vil Rettleiingstenesta bestille ein fagkonsulent/fagkonsulentar som kan gjere vurderinga av realkompetansen din. Vedkomande vil bli gjort kjent med den kartlegginga vi allereie har gjort av realkompetansen din og relevant dokumentasjon som du har levert til oss. 

  3. Fagkonsulenten tar kontakt med deg og inviterer til ein samtale.  
    Fagkonsulenten skal gå gjennom aktuell læreplan/kompetansemål med deg. Fagkonsulenten avgjer kva metodar som skal brukast for å vurdere og verdsette realkompetansen din, i samråd med deg. De avtalar tid og stad for realkompetansevurderinga. Etter vurderingssituasjonen avgjer fagkonsulenten om den kompetansen du har vist, er likeverdig med den kompetansen som blir oppnådd gjennom vidaregåande opplæring etter læreplanverket, eventuelt om du kan få godkjent deler av læreplanen. 

  4. Rettleiingstenesta fattar enkeltvedtak med klagerett om resultatet av realkompetansevurderinga (godkjent/ikkje godkjent) og grunngjeving av resultatet.  
      
    Der det er hensiktsmessig og forhalda ligg til rette for det, kan realkompetansevurderinga gjennomførast på eit anna språk enn norsk. Gjennomføringa må då betalast av kandidat sjølv eller andre aktuelle instansar, då dette ikkje er ein rett kandidaten har. 

For spørsmål om gjennomføring av realkompetansevurdering på grunnskulenivå tar du kontakt med din kommunale vaksenopplæring.

Når det gjeld realkompetansevurdering i høgare utdanning, kan du på dei fleste universitet eller høgskular søke inntak på bakgrunn av realkompetanse. Det er kvart enkelt universitet/høgskule som har ansvar for dette, og du finn informasjon på nettsidene til det konkrete universitetet eller høgskulen du vil søkje på.