Kommunedialog om fullføring i vidaregåande opplæring

Fylkeskommunen har møteplassar og dialog med alle kommunar i Vestland om kva vi kan samhandle om for å få fleire ungdomar til å fullføre vidaregåande opplæring.

Etter ny opplæringslov har vi eit spesielt ansvar for å få ein god overgang frå ungdomsskulen til vg1 for alle elevar saman med  kommunane.  Tidleg og rett innsats er stikkordet for at elevane kan nå ein sluttkompetanse som til slutt fører dei ut i aktivt arbeidsliv.

Statistikk for fullført og bestått på vg1 

 

Denne statistikken viser resultat for elevane på vg1 i offentleg skule i Vestland ut frå kva kommune dei kjem frå. Ein kan finna tal på fullført og bestått, sluttarar, fråvær og grunnskulepoeng – alt på vg1.  

Elevgrunnlag

Statistikken viser kun resultat for elevar som har direkte overgang frå 10.klasse til vg1 på offentleg skule i Vestland. Dette betyr at dersom elevar går på privat vidaregåande, eller i eit anna fylke, eller ikkje har direkte overgang, så kjem dei ikkje med i statistikken. Elevar over 25 år og/eller elevar som går mot grunnkompetanse er heller ikkje med.  

Overgangsår

Overgangsår er det året eleven gjekk frå 10. klasse til vg1. Døme: Overgangsåret 2022 er når eleven gjekk i 10,klasse 2021/22 og vg1 2022/23. Overgangsåret 2022 er soleis det sist oppdaterte talet når det gjeld fullført og bestått.  
Av personvernomsyn er alle tal/resultat for 10 elevar, eller mindre, prikka/fjerna.  

Døme

Overgangsåret 2022 var det 38 elevar i ein kommune som hadde direkte overgang frå ungdomsskule til vg1 på offentleg vidaregåande skule i Vestland. 29 av desse starta på Austrheim vgs. Dei resterande 9 er ikkje med i oversikta over kva skule dei begynte på av personvernomsyn. Kanskje begynte desse 9 på éin annan skule, eller fleire andre skular – tala er uansett prikka. Men dei er med i fullføringstala. 

Fylkessnittet på fullført og bestått, samt sluttere, fråvær og grunnskulepoeng viser snittet for alle elever på vg1, ikkje berre dei som har direkte overgang frå ungdomsskulen, slik kommunetala viser. Omvalselevar har i snitt lågare resultat enn dei som har direkte overgang.

I og med at fylkessnittet viser dei reelle tala, og difor har med omvalselevar (som ikkje er med i kommunetala), vil kommunetala i enkelte tilfelle virke «unormalt gode».  Fullføringstala for dei med direkte overgang til vg1 ligg i snitt 5 prosentpoeng over fylkessnittet.