Kamilla Rivedal er leiar for ungdomspolitisk utval i Sogn og Fjordane. Ho la stor vekt på klima, samferdsle og bulyst i innlegget sitt.

Ungdomen sette klima på dagsorden

Kamilla Rivedal i ungdomspolitisk utval (UPU) i Sogn og Fjordane løfta fram klima og miljø som tema på dialogmøtet i Førde 26. mars.

Publisert 27.03.2019 av Redaksjonen

– Vi vil at klima og miljø skal vere meir enn ein hashtag og ein trend. Vi vil ha tilstrekkeleg informasjon i skulen, gjerne også i barnehagen. Kunnskap er nøkkelen til eit berekraftig samfunn, slo Rivedal fast.

Ho var første og yngste innleiar på dialogmøtet om Vestland fylkeskommune. Dette var det fjerde av fem møte, der fylkespolitikarar frå både Sogn og Fjordane og Hordaland møter lokale politikarar, næringsliv, frivilligheit og andre for å diskutere framtida til det nye storfylket. Rundt 130 personar deltok på møtet på Mo og Øyrane vidaregåande skule.

Foto som syner full sal under dialogmøtet i Førde 26. mars.

Rundt 130 personar hadde møtt opp på dialogmøtet i Førde.

Det nye trivselsfylket

Rivedal i UPU var den einaste av dei inviterte innleiarane som tok opp temaet klima og miljø, noko ho fekk ros for frå fleire i salen. Ungdomsrepresentanten var også oppteken av korleis det nye fylket skal rigge seg for å få ungdom til å busetje seg her.

– Vi vil at folk skal etablere seg og jobbe her, og realiteten er at mange vil det. Vi tenkjer at dei fleste eigentleg vil tilbake, men kva kan vi tilby av arbeidsplassar og andre ting som er interessant? Ungdom må få eit innblikk i kva fylket kan tilby, for så å kome tilbake. Og vi treng betre kollektivtransport. Vi blir aldri kvitt den problemstillinga, sa ho.

Ho vil også ta tilbake og ta med vidare omgrepet Trivselsfylket, som Sogn og Fjordane marknadsførte seg som tidlegare.

– Vestland skal bli trivselsfylket, det beste fylket for ungdom og alle andre å bu i, meiner Rivedal.

Ferjefri eller ikkje-ferjefri E39

Samferdsle var eit tema som opptok mange av dei frammøtte på dialogmøtet i Førde, som det har vore på tilsvarande møte i Bergen, på Voss og i Gulen. Ordførar i Flora, Ola Teigen er oppteken av at kystvegen i Sogn og Fjordane går lenger inn i landet enn i fylka sørom og nordom. Kollega i Førde, Olve Grotle, slo fast at Vestlandet må knytast saman, og Eid-ordførar, Alfred Bjørlo, oppmoda fylkespolitikarane om å setje inn eit støyt på Stad skipstunnel snarast.

Foto som syner Alfred Bjørlo som snakkar for ei forsamling. Han har ein slide på veggen med teksten Hurtigbåtsamband Bergen-Ålesund.

Også ordførar i Eid og resten av Nordfjord-delegasjonen peika på kor viktig samferdsla blir for det nye fylket.

Ferjefri E39 vart også eit tema, med ulike vinklingar. Tidlegare prosjektleiar for Hydrogen Region Sogn og Fjordane og venstrepolitikar i Sunnfjord, Elisabet Kjerstad Bøe, meinte å registrere at prosjektet ferjefri E39 er tona litt ned – og var glad for det. Ho meiner heller hyppigare ferjeavgangar og nullutsleppsteknologi er framtida.

Landbruksmann, fiskeoppdrettar og SP-politikar i Høyanger, Geir Helge Østerbø, meiner derimot at bru over Sognefjorden er noko av det viktigaste for å binde det nye fylket saman. Han vil ha ei slik bru som statleg prosjekt på linje med Stad skipstunnel.

Fleire av fylkespolitikarane forsikra om at dei ikkje tonar ned ferjefri E39, men at dei vil halde fram å kjempe for ferjefri – og ikkje minst opprusta og trygg – europaveg gjennom fylka.

Frivilligheita viktig byggekloss

Eit anna tema som gjekk att i Førde denne ettermiddagen og kvelden var frivilligheita. Tidlegare fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Nils R. Sandal var ein av dei som tok ordet. Sandal er i dag blant anna styreleiar for Sogn og Fjordane idrettskrins og leiar for interimstyret for Vestland idrettskrins.

– Den beste ressursen vi har er det enkelte mennesket, og frivillig sektor skal vere ein viktig byggekloss når vi no byggjer eit nytt fylke. I Sogn og Fjordane har vi eit fantastisk godt samarbeid mellom idretten og fylkeskommunen, og eg trur det er slik i Hordaland òg. Eg representerer ei kraft, og brukar vi den på ein god måte, så blir eg ein viktig byggekloss, slo Sandal fast.

Åge Avedal er regionleiar for 4H Sogn og Fjordane og er også oppteken av tilhøva for dei mange som kjem til å jobbe frivillig i det nye fylket.

– Frivilligheita må møte eit enkelt apparat. Eg har opplevd det som relativt enkelt i Sogn og Fjordane og håpar det blir teke med inn i det nye fylket, sa han.

Nils R. Sandal under dialogmøtet om Vestland fylkeskommune i Førde 26. mars 2019.

Nils R. Sandal, leiar interimstyret for nye Vestland idrettskrins og tok ordet på vegne av idretten og frivilligheita.

Kort oppsummert

Dialogmøta rundt om i det nye fylket er del av ein innspelsprosess i arbeidet med regional planstrategi for Vestland fylkeskommune. Møtet i Førde vart avslutta med ein oppsummeringsrunde blant fylkespolitikarane som deltok. Terje Søviknes i fellesnemnda for Vestland oppsummerte tre timar med innspel, diskusjon og engasjement slik:

– Om vi greier å gjere regional planstrategi til ein digitaliserings-, kompetanse-, samferdsle-, klima-, verdiskapings- og frivilligheitsstrategi, så har vi sannsynlegvis lukkast.

Prosjektleiar Rune Haugsdal og politikarane i fellesnemnda sitt arbeidsutval.

Prosjektleiar Rune Haugsdal og politikarane i fellesnemnda sitt arbeidsutval lytta til innspela frå salen og tek dei med seg vidare i arbeidet med Vestland fylkeskommune. F.v. Rune Haugsdal, Bjørn Hollevik, Pål Kårbø, Sigurd Reksnes, Åshild Kjelsnes, Jenny Følling, Anne Gine Hestetun, Silje Ekeland Bjørkly og Terje Søviknes.