​Frå venstre: Per Morten Ekerhovd, Dina Lefdal, Paal Fosdal, Bård Sandal, Håkon Rasmussen, Ingrid Holm Svendsen og Bjørn Lyngedal.

Toppdirektørane til Vestland fylke er tilsette

Leiargruppa i Vestland fylkeskommune er no på plass. Prosjektleiar og framtidig fylkesrådmann Rune Haugsdal presenterte i dag sju nye fylkesdirektørar.

Publisert 20.11.2018 av Redaksjonen

Rune Haugsdal

Prosjektleiar og framtidig fylkesrådmann Rune Haugsdal er godt nøgd med den nye leiargruppa.

– Eg er glad for å kunne presentere ei fagleg sterk og solid leiargruppe, som skal bidra til å få Vestland fylkeskommune i drift ein god måte. Digitalisering og den raske endringstakta i samfunnet utfordrar oss, og den nye leiargruppa skal bidra til å gi oss det innovative løftet som vi treng. Kompetanse, samarbeidseigenskapar og utviklingskraft har vore dei fremste kvalitetane som vi har sett etter i rekrutteringsprosessen, og eg trygg på at den gruppa som vi no har fått har dette i fullt monn, seier Rune Haugsdal.

Fylkesdirektørane blei tysdag formiddag presenterte for tilsette i Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommune på eit felles allmøte.

Vestland fylkeskommune får sju fylkesdirektørar, som skal leie fem fagavdelingar og to stabsavdelingar. Prosjektleiar Rune Haugsdal skal no utforme den administrative organiseringa vidare i eit tett samarbeid med dei nye fylkesdirektørane, som vil tre gradvis inn i rollene sine.

Direktør for organisasjon og økonomi

  • Namn: Ingrid Holm Svendsen
  • Alder: 49
  • Noverande stilling: Konstituert fylkesrådmann, Hordaland fylkeskommune
  • Framtidig arbeidsstad: Bergen

Stabsavdelinga vil vere eit viktig verktøy for at Vestland fylkeskommune utviklar seg som organisasjon, og at vi har effektive, velfungerande og gode støttesystem. Stabsavdeling for organisasjon, drift og støtte i fylkesrådmannen sin sentrale stab vil mellom anna ha hovudansvar for budsjett, løn og rekneskap, finansforvalting, innkjøp, organisasjonsutvikling, kommunikasjon, HR og strategisk personalleiing, juridisk leiing, IKT, bygg og eigedom.

– Med Vestland fylkeskommune har vi ein unik sjanse til å byggje noko nytt, framtidsretta og relevant, til det beste for alle innbyggjarane i våre. Det blir kjempespennande, og eg gler meg til å ta fatt på den oppgåva. Eg veit at det er mykje god fagkompetanse i stabsavdelinga eg skal leie, så me har det aller beste utgangspunktet, seier Ingrid Holm Svendsen.

Direktør for strategisk utvikling og digitalisering

  • Namn: Paal Fosdal
  • Alder: 57
  • Noverande stilling: Assisterande fylkesrådmann i Sogn og Fjordane
  • Framtidig arbeidsstad: Leikanger

Stabsavdeling for strategi og utvikling får eit overordna ansvar for å sjå funksjonelle område i samanheng. Fylkesdirektøren skal syte for at Vestland fylkeskommune har evne til å gje samfunnsutviklinga ei sams strategisk retning, mobilisere på tvers av sektorar/fagområde, nivå og aktørar og koordinere organisasjonen sin samla innsats og verkemiddelbruk gjennom regional planlegging og utvikling.

– Eg ser fram til å vere med og byggje ein ny fylkeskommune. Regionreforma er blitt kommentert på ulikt vis dei siste åra, men eg er ein av dei som trur på at det ligg store moglegheiter her. Eg gler meg til å bli kjent med heile den nye, store organisasjonen, og sjølv om arbeidsstaden min blir i Leikanger, kjem eg til å bruke ein god del tid i Bergen òg, seier Paal Fosdal.

Direktør for infrastruktur og veg

  • Namn: Dina Lefdal
  • Alder: 53
  • Noverande stilling: Fylkesdirektør samferdsel, Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Framtidig arbeidsstad: Leikanger

Som vegeigar vil Vestland fylkeskommune ha ansvar for om lag 5600 km fylkesveg. Dette inneber planlegging, utbygging og drift av vegnettet, samt forvaltningsoppgåver som vegeigar i samsvar med veglova og plan- og bygningslova. Overføring av sams vegadministrasjon vil medføre betydelege nye oppgåver/funksjonar direkte lagt til den nye fylkeskommunen.

– Vi er i ein del av landet der veg og samferdsel er noko folk verkeleg brenn for og engasjerer seg i. Å få vere med og utvikle dette vidare synest eg er noko av det mest spennande ein kan gjere, seier Dina Lefdal.

Direktør for mobilitet og kollektivtransport

  • Namn: Håkon Rasmussen
  • Alder: 54
  • Noverande stilling: Fylkesdirektør samferdsel, Hordaland fylkeskommune
  • Framtidig arbeidsstad: Bergen

Det fylkeskommunale kollektivtransporttilbodet er avgjerande for å sikre gode kommunikasjonar i alle delar av fylket, slik at innbyggjarane kan reise trygt til og frå arbeid, skule og fritidsaktivitetar. Avdelinga skal mellom anna ivareta det overordna ansvaret for utvikling og drift av kollektivtrafikktilbodet i det nye fylket innanfor vedtekne politiske rammer og prioriteringar.

– No deler vi veg og kollektiv i to avdelingar. Det skal vi få til, men det vil krevje godt samarbeid, og vi må organisere oss tett saman. Digitaliseringa treffer kollektivområdet sterkt, og nye tilbod og konkurrentar kjem heile tida. At vi klarer å vere frampå og ta del i utviklinga er heilt sentralt, og då trur eg denne organiseringa er ein fordel, seier Håkon Rasmussen.

Direktør for opplæring og kompetanse

  • Namn: Bjørn Lyngedal
  • Alder: 58
  • Noverande stilling: Rektor, Amalie Skram vidaregåande skule.
  • Framtidig arbeidsstad: Bergen

Vestland fylkeskommune skal ivareta lovpålagde oppgåver innanfor vidaregåande opplæring. Dette inneber eit ansvar for dei vidaregåande skulane, opplæringa av lærlingar, fagskuletilbodet og vidaregåande opplæring for vaksne i fylket. I tillegg skal fylkeskommunen ha eit tydeleg ansvar for den regionale kompetansepolitikken.

– Eg vil ta med meg perspektivet eg har frå skulesektoren inn i den nye jobben. Skulen handlar om elevane, og eg vil vere ein talsmann for dei som vi faktisk er til for. Vi blir ei stor geografisk eining med lange avstandar, men vi må skape ein skulesektor der alle blir sett og tatt i vare på ein god måte. Det blir ei stor og spennande utfordring, seier Bjørn Lyngedal.

Direktør for innovasjon og næringsutvikling

  • Namn: Bård Sandal
  • Alder: 51
  • Noverande stilling: Fylkesdirektør regional utvikling, Hordaland fylkeskommune
  • Framtidig arbeidsstad: Bergen

Vestland fylkeskommune skal etablere eit slagkraftig fagmiljø på næringsområdet. Prosjektleiar vil mellom anna vektlegge behovet for omstilling og innovasjon i næringsutviklinga i det nye fylket, og sjå dette i samanheng med forsking og utviklingsarbeid og forvaltning av regionale forskingsmidlar. Avdelinga skal forvalte fylkeskommunale verkemiddel for støtte til nærings- og lokalsamfunnsutvikling i det nye fylket, og sørge for berekraftig forvaltning av fylkeskommunen sitt ansvar for naturressursar.

– Det å sikre rammene for sysselsetjing og gode plassar å bu og vere, både i by og distrikt, det blir ei kjempespennande utfordring. Skal vi få til utviklinga vi ønskjer i det nye fylket, må vi ha tett samarbeid med kommunar, næringsmiljø, høgskulemiljø og andre kompetansemiljø for å sikre ein god og brei partnarskap. Det ser eg fram til å jobbe med saman med sterke og kompetente miljø i begge dei to fylka, seier Bård Sandal.

Direktør for kultur, idrett og inkludering

  • Namn: Per Morten Ekerhovd
  • Alder: 50
  • Noverande stilling: Fylkesdirektør kultur og idrett (konst.), Hordaland fylkeskommune
  • Framtidig arbeidsstad: Førde

Vestland fylkeskommune skal medverke til å utvikle eit rikt og mangfaldig kulturliv i landsdelen. Gjennom tiltak og aktivitetar skal fylkeskommunen legge til rette for at alle kan oppleve og ta del i tradisjonell og nyskapande kunst og kultur. Samfunnsutviklarrolla inneber eit ansvar for samhandling mellom forvaltningsnivåa, og mellom kulturaktørar og institusjonar på regionalt nivå. Fylkeskommunen har lovpålagde oppgåver for vern av kulturminne og kulturmiljø.

Fylkeskommunen samhandlar med frivillig sektor, kulturinstitusjonar, kommunar om planarbeid, kompetanse- og utviklingsarbeid og tilskotsformidling til drifts- og utviklingsarbeid innan kunst og kultur. Fylkeskommunen forvaltar tilskot og støtte til anlegg, lag og arrangement innanfor idretts- og friluftsområdet.

– Vestland blir eit fylke med store utfordringar på kultur-, idretts- og inkluderingsfeltet, men først og fremst har vi store moglegheiter. Viss vi legg profilen for Hordaland over profilen for Sogn og Fjordane i den siste kulturindeksen til Telemarksforsking, får vi ei nesten perfekt utfylling. Saman er eg sikker på at vi blir landet sterkaste fylke på kultur, idrett og inkludering. Det gler eg meg med å få til saman med heile den nye organisasjonen, seier Per Morten Ekerhovd.

Denne artikkelen er også publisert på hfk.no og sfj.no.