Tidsplan for samanslåinga

2017

1. kvartal

  • 02.02.17 (SF), 03.02.17 (H): Fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane sa ja til intensjonsplanen om samanslåing.

2. kvartal

  • 08.06.17: Stortinget handsama regionreforma og vedtok samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane.

4. kvartal

  • 27.10.17: Første felles fylkestingsmøte.
  • 18.12.17: Første, konstituerande møte i fellesnemnda for samanslåinga.

2018

1. kvartal

  • 19.01.18: Fylkesordførarane møter kommunalministeren saman med fylkesordførarane i Rogaland og Møre og Romsdal om namnet på det nye fylket.
  • 29.01.18: Første møte i arbeidsutvalet.
  • 15.02.18: Første møte i partssamansett utval.
  • 08.03.18: Fellesnemda vedtek budsjett for samanslåingsprosessen.
  • 08.03.18: Fellesnemnda vedtek kommunikasjonsplan for samanslåingsprosessen.

2. kvartal

  • 06.04.18: Regjeringa tilrår Vestland som namn på det nye fylket.
  • 04.05.18: Fellesnemnda vedtek omtillingsavtale.
  • 04.05.18: Rune Haugsdal vert tilsett som prosjektleiar/ny fylkesrådmann.
  • 08.05.18: Innbyggjarane vert inviterte til å kome med forslag til nytt fylkesvåpen. Open innspelsrunde med frist 20. juni.
  • 07.06.18: Stortinget vedtek at den nye fylkeskommunen får namnet Vestland fylkeskommune.

3. kvartal

  • Designkonkurranse for nytt fylkesvåpen.
  • Vedtak om overordna politisk og administrativ organisering.
  • Godkjenne reglement, delegering m.m. for politiske organ.
  • Starte prosessen med å tilsetje administrativ toppleiing.

4. kvartal

  • November: Tilsetjing av administrativ toppleiing.
  • Desember: Vedtak om nytt fylkesvåpen.

2019

1. kvartal

  • Tilsetje/innplassere andre leiarar.
  • Starte arbeidet med budsjettet for 2020 for den nye fylkeskommunen.
  • Fysiske/bygningsmessige tiltak.
  • Få på plass revisor og sekretariat for kontrollutvalet.
  • Dialogmøte med kommunane og regionråda.

2. kvartal

  • Endeleg fastsetjing av administrativ organisering.
  • Innplassering av alle tilsette.
  • Lokalisering av funksjonar.
  • Dialogmøte med kommunane og regionråda.

3. kvartal

  • 09.09.19: Val av nytt fylkesting.

4. kvartal

  • Nytt fylkesting avløyser fellesnemnda.

2020

1. kvartal

  • 01.01.2020: Ny fylkeskommune i drift.