Dette er dei 18 fylkesvåpena du kan stemme på.

Stem på ditt favorittfylkesvåpen!

Kva for fylkesvåpen liker du best? No opnar nettavstemminga med fag- og folkejuryane sine favorittar blant dei totalt 667 forslaga. Dei 18 siste forslaga skal innan neste veke bli til éin folkefavoritt.

Publisert 22.08.2018 av Redaksjonen

No er det din tur til å seie di meining om kva for eit fylkesvåpen Vestland skal ha! Fram til torsdag 30. august kan du stemme på din favoritt! Dei 18 forslaga er er dei fylkesvåpna som ein fagjury og ein folkejury likte best av dei 667 forslaga som er komme inn frå publikum.

At det berre er 18 forslag å stemme på, og ikkje 20, betyr at to av forslaga var på lista hos både fagjuryen og folkejuryen.

Reglene for avstemminga

  • Gå til sida for avstemming og finn det forslaget du vil stemme på.
  • Det er éi stemme per mobilnummer.
  • Vi ber om mobilnummer for at ikkje nokon skal stemme mange gongar.
  • Det er gratis å stemme.
  • Avstemminga er anonym, vi kan ikkje sjå kva du har stemt på.
  • Alle som stemmer blir med i trekninga av 5 universalgåvekort à 500 kr.

Du kan stemme fram til torsdag 30. august kl. 12.00.

Sjå alle 18 finalistane og gje di stemme!

Endeleg avgjerd i fylkestinget

Dette er ikkje ei avstemming om det endelege fylkesvåpen for Vestland fylkeskommune. Folkefavoritten vert, saman med tre forslag frå fagkomiteen, tatt med vidare i ein designkonkurranse. Her blir inntil fem designbyrå invitert til å lage sine forslag til nytt fylkesvåpen. Dei står etter reglene fritt til å designe noko nytt, bruke forslaga som inspirasjon, eller bruke eit forslag i sin heilhet.

Etter at designbyråa har levert sine forslag skal fagkomiteen gjere ei vurdering av alle desse framlegga, og så innstille eitt av dei til nytt fylkesvåpen. Til slutt er det fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar som vedtek det endelege fylkesvåpenet for Vestland fylkeskommune mot slutten av året.

Finalistfylkevåpena er teikna av:

  • Ola Henning Målsnes
  • Øyvind Andersson
  • Brage Dybwad
  • Brede Taraldset
  • Jessica Ella Smith
  • Gaute Knapstad
  • Jorunn Andreassen (to stk)
  • Anita Johannessen
  • Helge Oskar Alsos
  • Per Flatøy
  • Even Jarl Skoglund
  • Jens Drageset
  • Vilde Heggland
  • Rebecka Fedøy Randal
  • Ragnar Vikøren
  • Peter Ernst Wilhelm David Hanssen
  • Frank Halhjem

Personen som har utforma forslaget som får flest stemmer vil få 25 000 kroner i premie. Dei andre finalistane får 2000 kr kvar.

Denne artikkelen er også publisert på hfk.no og sfj.no.