OVERSIKTLEG: Rapporten gir ei oversikt over dei mest sentrale utviklingstrekka innafor demografi, næring, utdannig, levekår, helse og natur.

Splitter nye funn om utviklinga i Vestland-området

Veit du kor mange innbyggjarar Vestland fylke får, og i kva grad dei ulike regionane er i vekst? Dette er berre ein liten del av det du får vite i ein omfattande, ny rapport, som skal danne grunnlaget for den regionale planstrategien i det nye fylket.

Publisert 17.01.2019 av Redaksjonen

Funna i rapporten skal danne noko av grunnlaget for den første regionale planstrategien som skal utarbeidast i Vestland. Resultata som no ligg føre, skal presenterast for kommunar, politikarar, innbyggjarar og andre viktige aktørar rundt om i dagens Hordaland og Sogn og Fjordane i ein serie med dialogmøte som skal avviklast utover våren.

Vestland | Statistikk og utviklingstrekk

(Trykk på pila oppe til venstre for å laste ned rapporten som pdf)

I rapporten kan du lese siste nytt om utviklinga på desse sentrale samfunnsområda:

  • Folk og busetting
  • Utdanning og kompetanse
  • Næring og økonomi
  • Risiko og sårbarheit
  • Areal, natur og kulturminne
  • Levekår
  • Samferdsle
  • Kultur, fritid og deltaking
  • Levevanar og helse

– I denne undersøkinga har vi gjort viktige funn, som vi gler oss til å presentere, og ikkje minst til å få drøfte. Det å ha best moglege data når vi går inn i ein så viktig planprosess, er heilt avgjerande for at vi får sett inn kreftene der dei trengst mest, seier Rune Haugsdal. Han er prosjektleiar for og påtroppande fylkesrådmann i nye Vestland fylkeskommune.

Det er dagens to fylkeskommunar som står bak rapporten.  I forlenginga av statistikkrapporten er det sendt ut eit spørjeskjema til kommunar, næringsliv, kulturinstitusjonar og friviljug sektor, der ein opnar opp for innspel til kva som er dei viktigaste utfordringane og styrkane i fylket. Målet er at dette til saman skal gje eit solid kunnskapsgrunnlag for arbeidet med regional planstrategi og folkehelse.

Les meir om dialogmøta