Fellesnemnda var i dag samla og vedtok mellom annan den vidare politiske organiserina av Vestland fylkeskommune.

Slik skal Vestland fylkeskommune bli politisk styrt

Den nye Vestland fylkeskommune skal få eige finansutval. Det blir og vurdert og opprette planutval og likestillingsutval som del av politisk organisering.

Publisert 21.09.2018 av redaksjonen

Fellesnemnda for samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar vedtok fredag 21. september den vidare politisk organiseringa av den nye fylkeskommunen frå 1. januar 2020.

Frå før er det klart at fylkestinget er øvste politiske organ med fylkesutval som arbeidsutval. Fire faste hovudutval har og vore på plass: Samferdsel og mobilitet, opplæring og kompetanse, næring, naturressursar og innovasjon, og kultur, idrett og integrering. No har fellesnemnda fått det meste av politiske underutval, nemnder og råd på plass.

Lovpålagt

Sju av underutvala er lovpålagt. Det er: Kontrollutval, administrasjonsutval, råd for menneske med nedsett funksjonsevne, råd for eldre, ungdomsråd eller anna medverknadsorgan for ungdom, klagenemnd, fylkesvalsstyre.

I tillegg opprettar fellesnemnda følgjande politiske organ: Finansutval, trafikktryggingsutval og valnemnd.

Fellesnemnda vil ha nærare utgreiing om to aktuelle politiske organ: Planutval og likestillingsutval. Utgreiing om dette skal bli lagt fram til neste møte 31. oktober.

I løpet av våren skal fellesnemnda fastsetje delegering, mandat og samansetjing av yrkesopplæringsnemnd og fagskulestyre.

Fått nye oppdrag

Fellesnemnda har gitt prosjektleiar Rune Haugsdal i oppdrag å utarbeide framlegg til politisk delegeringsreglement til fellesnemnda seinast første kvartal 2019 neste år. Det skal legge rammene for alle politiske utval og råd, herunder samansetjing og representasjon, mandat og mynde til å ta avgjerd på vegne av fylkeskommunen. Reglementet inkluderer også tal medlemer og delegering av mynde til fylkesutvalet og dei fire hovudutvala.

Haugsdal har og fått i oppdrag å legge fram forslag til eit konkretisert reglement for godtgjersle og arbeidsvilkår for folkevalde i Vestland fylkeskommune til møte i fellesnemnda 31. oktober. Reglementet skal konkretisere dei økonomiske arbeidsvilkåra for folkevalde i Vestland fylkeskommune.

Økonomisk ramme

Reglementet skal byggje på følgjande grunnprinsipp og hovudelement:

  1. a) Dei samla økonomiske rammer for aktiviteten til folkevalde i Vestland fylkeskommune skal liggje

innanfor summen av ramma som Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar har for

den folkevalde aktiviteten i dag. Dette omfattar mellom anna løn, møtegodtgjersle og kompensasjon for

tapt arbeidsforteneste.

  1. b) Fellesnemnda vil vurdere det samla kostnadsbiletet knytt til aktiviteten til folkevalde på nytt

dersom oppgåvestrukturen for fylkeskommunane blir endra utover det som no er kjent.

  1. c) Fylkesordførar, fylkesvaraordførar og dei fire hovudutvalsleiarane i Vestland fylkeskommune

skal ha godtgjersle tilsvarande heil stilling (100 prosent).

  1. d) Leiaren for kontrollutvalet skal ha godtgjersle tilsvarande halv stilling (50 prosent).
  1. e) Fellesnemnda legg, i tråd med vilkåra i dag for folkevalde i dei to fylkeskommunane, opp til ei differensiering i høve til rolla den enkelte folkevalde har som fylkestingsrepresentant, fylkesutvalsrepresentant, gruppeleiar og/eller andre sentrale roller.