FJELL OG FJORD: Det nye fylkesvåpenet for Vestland fylkeskommune viser to fjell i sølvfarge mot den djupblå fargen i bakgrunnen, som skal symbolisere fjord.

Slik ser det ut: Fylkesvåpen for Vestland endeleg vedtatt

– Dette er eit flott fylkesvåpen som vil vere samlande for heile Vestland, seier leiar i fellesnemnda Anne Gine Hestetun om fylkesvåpenet som blei vedtatt på fylkestinget i Hordaland i dag.

Publisert 13.06.2019 av Redaksjonen

– Fylkesvåpenet har engasjert innbyggjarar i heile det nye Vestland fylke. Eg er glad for at motivet blei fjell og fjord. Dette var populært hos innbyggjarane og er eit motiv som alle i det flotte fylket vårt kan kjenne seg igjen i, seier Hestetun.

Tidlaust og særeige

Det nye fylkesvåpenet viser fjell i sølv, med djupblå farge i bakgrunnen, som symboliserer fjord – eit tidlaust og særeige motiv i det nye fylket.

Då innbyggarane i Hordaland og Sogn og Fjordane gjennom ein open innspelsprosess i 2018 kom med forslag på kva dei ville ha på eit nytt fylkesvåpen, var fjord og fjell motivet som gjekk mest igjen.

For å få eit endeleg vedtak måtte begge fylkestinga vedta fylkesvåpenet. I førre veke vedtok fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane fylkesvåpenet på sitt fylkesting. Med vedtaket i Hordaland fylkesting torsdag, er det derfor endeleg klart korleis det nye fylkesvåpenet skal sjå ut.

Skal fungere på skjermar

Etter den heraldiske tradisjonen skal alle våpen bruke éin farge, eitt motiv og eitt metall. I moderne tid er det likevel nye omsyn som må takast. Dette fordi våpna ofte skal fungere med baklys – for eksempel på skjermar og ved skilting. For å løyse dette kan det vere hensiktsmessig med sterkare kontrastar enn den heraldiske tradisjonen legg opp til. Kombinasjonen med djup blå og sølv er valt nettopp for å sikre dette og for å gi fylkesvåpenet lang levetid.

Denne artikkelen er også publisert på hfk.no.