Rådsvaraordførar i Hardangerrådet Jostein Ljones (f.v.), ordførar i Voss kommune, Hans-Erik Ringkjøb og leiar for Sogn Regionråd, Jan Geir Solheim, har innspel til den regionale planstrategien for Vestland fylke. (arkivbilete frå dialogmøte)

Skal stake ut kursen for Vestland

Den regionale planstrategien for perioden 2020 til 2024 skal stake ut kursen for det nye Vestland fylke. Fylkesutvalet vedtok 3. desember formelt å starte arbeidet med planstrategien.

Publisert 04.12.2019 av redaksjonen

Strategien skal vere ein overordna utviklingsplan for Vestland fylke og gi retning for satsingar for alle forvaltningsnivå og føringar for regionalt planarbeid i perioden. Den skal også fastsetje kva planar som skal utarbeidast dei komande fire åra. 

I 2019 har det vore ein lang og god prosess med å førebu arbeidet, mellom anna gjennom fem regionale dialogmøte rundt om i Sogn og Fjordane og Hordaland, og utarbeiding av kunnskapsgrunnlag. 

Lovpålagt

Fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland tilrådde eit felles arbeid med statistikk og utviklingstrekk og integrering av arbeidet med folkehelseoversikt. Arbeidsutvalet i fellesnemnda for samanslåing av dei to fylka, har hatt ansvar for arbeidet med kunnskapsgrunnlaget. Dette arbeidet har resultert i rapporten Vestland – utfordringar for fylket og regionane og rapporten Folkehelseoversikt for Vestland 2019-2020. Desse skal bli lagt til grunn for arbeidet med regional planstrategi. 

Fylkestinget er pålagt gjennom plan- og bygningslova å vedta ein regional planstrategi kvart fjerde år, seinast eitt år etter konstituering av fylkestinget. Den regionale planstrategien må dermed fylkestinget vedta neste haust.

Medverknad

Planutvalet i Vestland skal leie prosessen og drøfte vegval undervegs. Det blir lagt opp til brei medverknad og samråd med Fylkesmannen i Vestland og KS – Vestland om innhald og prosess. Intern medverknad frå fagutvala og ekstern medverknad frå relevante organ skal bli gjennomført i perioden februar til mars 2020.

I høyringsperioden mai til juni kan det bli lagt til rette for eksterne høyringsmøte. Fylkeskommunen vil her vurdere å gjenta dialogmøta som vart skipa til regionsvis i arbeidet med kunnskapsgrunnlaget.

Berekraftsmåla til FN

Både frå regionalt politisk hald og i nasjonale forventningar til regional planlegging er det understreka at berekraftsmåla til FN skal leggjast til grunn for planarbeidet. I rapporten om utfordringar for Vestland og i folkehelseoversiktsdokumentet er det vist korleis måla til FN heng saman med hovudutfordringar i Vestland. I regional planstrategi er det naturleg å synleggjere korleis planarbeid i Vestland følgjer opp berekraftsmåla til FN.

Det endelege strategidokumentet bør innehalde langsiktige mål og strategiar/innsatsområde for dei komande fire åra som gir ei klar retning og prioritering. Utviklingsretning bør omtalast på ein kortfatta og tydeleg måte og fanga opp viktige utviklingstrekk og utfordringar. Planstrategien bør innehalde eit oversyn over vedtekne regionale planar som framleis skal gjelde, planar som skal reviderast og planar som skal utfasast.

Alle kommunar i Vestland, skal på same måte utarbeide ein kommunal planstrategi, som skal vedtakast i kommunestyra i 2020.