DET FØRSTE VESTLAND FYLKESTING: Måndag 9. september skal det første Vestland fylkesting veljast.

Sjå kven som stiller til val til Vestland fylkesting

818 kandidatar fordelt på 17 lister stiller til val til det første fylkesting i Vestland fylkeskommune 9. september. Dei 17 listene er godkjent av fylkesvalstyret.

Publisert 24.05.2019 av Redaksjonen

Fellesnemnda for samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar er fylkesvalstyre og har godkjent alle dei 17 innkomne listene. Men nokre kandidatar har bede om fritak og fått innvilga dette.

Desse 17 partia stiller liste til det første fylkestinget i Vestland fylkeskommune:

Arbeidarpartiet

Demokratene

Folkeaksjonen Nei til mer bompenger

Framstegspartiet

Helsepartiet

Høgre

Kristeleg Folkeparti

Partiet De Kristne

Liberalistene

Miljøpartiet Dei Grøne

Norges Kommunistiske Parti

Piratpartiet

Pensjonistpartiet

Raudt

Senterpartiet

Sosialistisk Venstreparti

Venstre

Samla oversyn over alle dei 17 listene med dei 818 kandidatane til fylkestingsvalet (pdf)

65 representantar

I det nye Vestland fylkesting skal det veljast 65 representantar. I dag har Hordaland 57 og Sogn og Fjordane 31 representantar. Det inneber at det nye fylket får 23 representar færre enn dei to fylka har til saman i dag.

Fylkestingsvalet og kommunestyrevalet er måndag 9. september. Enkelte kommunar kan og ha vallokala opne søndag 8. september.