DIALOG OM VESTLAND FYLKE: Kvam ungdomsråd, med leiar Lena Tufta (t.v.) i spissen, var opptatt av ungdomsbillett og helsesyster, her med dei to fylkesordførarane Anne Gine Hestetun og Jenny Følling.

– Samhandling må stå i sentrum

– Dette kjem vi til å lukkast med i heile Vestland fylkeskommune. Samhandling må stå i sentrum, sa fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun på det første av fem dialogmøte om utvikling av det nye storfylket i vest.

Publisert 04.02.2009 av Redaksjonen

– Dette lovar godt. Vi har dei beste føresetnader for å lukkast, sa Hestetun etter å ha høyrt alle innspela på dialogmøtet på Amalie Skram vidergående skole. Dialogmøtet var for Bergen og omliggande kommunar.
DialogN1000B4599.jpg

Fylkespolitikarane Terje Søviknes (f.v.), Silja Ekeland Bjørkly, Bjørn Hollevik, Pål Kårbø, Sigurd Reksnes, Anne Gine Hestetun og Jenny Følling tok imot innspel og svarte på spørsmål frå dei mange frammøtte.

– Skap suksess der du er

Fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane meiner suksess er viktig for å lukkast.

– Skap suksess der du er. Om mange nok gjer det, blir det mange suksesshistorier. Utdanning blir eit av dei viktige områda. Vi vil ha kontakt med næringslivet og kommunane for å vite kva vi skal satse på. Vi skal utdanne gangs arbeidskraft. Vi skal få entreprenørar som skal drive Vestlandet i framtida. I dag er vi er langt framme teknologisk, og vi har eit innovativt næringsliv, sa Følling og spurde kva som karakteriserer vestlendingen.

– Han er skildra som individualisten i motsetnad til den pragmatiske austlandstypen. Vi er gründerar, individualistar. Vi er entreprenøren som har pågangsmot og handlekraft og som skapar noko, svara Følling.

Skal bli lettare å reise

Det andre store kjerneområdet i Vestland fylke blir infrastruktur.

– I dette store, landstrakte fylket med fjordar og fjell skal vi gjere det lettare å reise og kommunisere med kvarandre. Vi treng E39, fleire bruer, eit godt aust-vestsamband og gode flyruter, både Flesland og dei regionale flyplassane. Vi må og satse på breiband. Alle brukar elektronisk kommunikasjon i dag.

Bergen stiller opp for Vestland

Byrådsleiar Harald Schjelderup har ambisjonar for det nye fylket.

– Vi må lukkast i å bli best på samarbeid. Då lukkast ikkje berre vi, men heile Noreg. Men skal Vestland lukkast, må Bergen lukkast. Vi er ein storbyregion i det nye fylket. Vi har ikkje motsetnad til resten av fylket. Vi skal stille opp for heile Vestland. Bergen skal vere ein raus samarbeidspartnar. Men vi vil og ha forståing for at vi må løyse storbyutfordringane, sa Harald Schjelderup.

DialogN1000B4578.jpg

Diskusjon på dialogmøtet mellom fylkespolitikarar: Atle Kvåle (f.v.), Pål Kårbø, Terje Søviknes og Anne Gine Hestetun. 

Bygdene skal leve vidare

Ordførar i Sund Kari Anne Landro og leiar av Regionrådet Vest der også Fjell og Øygarden er med tala varmt om å ta heile kommunen i bruk.

– Vi blir nye Øygarden kommune, men bygdene skal leve vidare. Dette handlar om identitet og kystkultur. Vi vil få til lokal fortetting og gode lokale senter. Vi har passert 38 000 innbyggarar vest for Sotrabrua og har behov for gode kollektivttilbod. Vi må utvikle lokale næringar. Kompetanse og utdanning er nøkkelord. Vi ønskjer endå tettare samarbeid mellom skule og næringsliv og endå meir skreddersydde tilbod. Vi må bli raskare til å nsu oss. Kan vi få fagskule og høgskulelinje? Noko av undervisinga kan føregå digitalt, sa Landro.

Heiar endå meir på Vestlandet

Espen Børhaug i Bergen næringsråd meiner heile Vestlandet må samlast.

– Vi heiar på Vestland, men endå meir på Vestlandet. Vi må ha med Rogaland og helst Møre og Romsdal. Vestlandet må bli attraktivt for flinke folk frå heile verda. Infrastruktur er viktigare enn fylkes- og kommunegrenser. Vi må kunne bevege oss så fritt og raskt som mogleg. Vi må samle Vestlandet på veg, bane, i luft og i sjø, sa Børhaug.

Sjølv om Rogaland har valt å stå utanfor, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun at at forholdet til fylket i sør er godt.

– Eg trur Rogaland kjem med. Vi har veldig godt samarbeid med Rogaland. Aktørar som før var imot, er no med. Eg trur og at Møre og Romsdal kjem og med på eit visst tidspunkt, sa Hestetun. Samarbeidet i Vestlandsrådet vil halde fram for dei fire vestlandsfylka.

Godt organisert kulturliv

Dagleg leiar Charlotte Spurkeland i Kultur Vest meiner kulturlivet i Bergensregionen er noko av det best organiserte i verda.

– Vi har mange som har kultur som forretning, og Vestlandet treng ein nasjonal kulturpolitikk. Det er behov for at staten bidrar inn i kulturen. Vi må få økonomisk ryggrad som berre staten kan gje. Staten må støtte opp om Bergen som kulturelt kraftsenter. Fylkespolitikarane må støtte opp om dette. 15 milliardar kroner skal investerast i kulturhus i Oslo dei neste åra. Men Bergen treng og finansiering. Vi må få ein Vestland fylkeskommune som kan bidra inn dette prosjektet, sa Spurkeland.

Delegasjon frå Kvam

Kvam ungdomsråd stilte med ein heil delegasjon på dialogmøtet med leiar lena Tufta i spissen. Dei var oppteken av ungdomsbillett på bussane og helsesyster på skulane.

Fylkesvaraordførar Pål Kårbø sa at budsjettarbeidet for 2020 startar no og at dei legg til grunn at noverande ungdomsbillett skal gjelde i heile det nye fylket.

Fylkessordførar Anne Gine Hesteun sa at det var ingen tvil om at dei som styrar Hordaland fylkeskommunen har lagt stor vekt på å ha fornuftige prisar på ungdomsbilletten.

Om helsesyster på skulane, svara Silja Ekeland Bjørkly at ordninga ikkje berre vil bli oppretthalden, men og utvida.

Vil spele på lag

Rektor Berit Rokne ved Høgskulen på Vestlandet vil spele på lage med Vestland fylkeskommune.

– Eg er veldig opptatt av Vestlandet og har store ambisjonar med å bygge kunnskap og kompetanse.

Vi vil vere tett på regionen, både  offentleg og privat verksemd. Det bllir utdanna mykje god kompetanse på Vestlandet. Vi har stor ressursar som skal ut. Vi håpar dei blir verande på Veslandet, sa Rokne.

Neste dialogmøte blir på Voss onsdag 6. februar.

Denne artikkelen er også publisert på hfk.no.