SAMAN:I dag startar arbeidet med å slå saman Hordaland og Sogn og Fjordane. Fylkesordførarar er Anne Gine Hestetun og Jenny Følling.

Samanslåinga av dei to vestlandsfylka i gang

Fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane sit no i sitt første felles møte på historisk grunn. Dette er starten på arbeidet med samanslåing av dei to fylka.

Publisert 27.10.2017 av Redaksjonen

Dette er det aller første felles drøftingsmøtet mellom dei to fylkestinga, og dei 88 folkevalde er samla i Gulen på Dalsøyra barne- og ungdomsskule. Frå kommunal- og moderniseringsdepartementet blir statssekretær Anne Karin Olli med.

– Dette er ein historisk dag. Dei to fylka har ei lang historie som byggjer på felles identitet. Dette skal vi ta med oss i vidare i arbeidet, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Hordaland) og fylkesordførar Jenny Følling (Sogn og Fjordane).

Reglement for fellesnemd

På møtet skal funksjonane og reglementet for fellesnemda drøftast. Det er fellesnemda som får i oppgåve å mellom anna sjå på kor mange representantar som skal inn det det nye fylkestinget etter 2020.

Oppretting av eventuelle andre fellesorgan for å sikre gjennomføring av samanslåing er også eit tema.

– No skal vi stadfeste intensjonsavtalen, og no byrjar for alvor arbeidet med å vidareutvikle samfunsstenestene, seier dei to fylkesordførarane.

Skal drøfte namn

Namn på det nye fylket er ikkje avklara, og ei av sakene som skal drøftast. I det vidare arbeidet skal det på plass namn og nytt fylkesvåpen som kan vere eit samlande symbol for dei to noverande vestlandsfylka.

Når den felles drøftinga er over, samlar kvart fylkesting seg og skal gjere kvar sine vedtak i sakene som har vore drøfta.

Desse vedtaka skal danne grunnlag for det vidare arbeidet med samanslåing av dei to fylka, 1. januar 2020.

Markering på historisk stad

Etter at vedtaka er gjort, reiser dei to fylkestinga til Eivindvik og møtest til ei felles markering på historisk stad på Gulatinget. Her blir det kulturinnslag og ei symbolsk markering av at Stortinget i juni vedtok å slå saman dei to fylka.

Alle tidlegare fylkesordførarar, fylkesrådmenn, samt noverande og tidlegare fylkesmenn er invitert til å delta.

Denne artikkelen er tidlegare publisert på hfk.no og på sfj.no.