Nytilsett prosjektleiar/fylkesrådmann Rune Haugsdal, her flankert av fylkesordførarane Anne Gine Hestetun i Hordaland (venstre) og Jenny Følling i Sogn og Fjordane. Foto: Hordaland fylkeskommune

Rune Haugsdal takkar for tilliten

Rune Haugsdal blir ny fylkesrådmann og prosjektleiar for det nye storfylket på Vestlandet. Fellesnemnda vedtok i dag å tilsetje Haugsdal i stillinga.

Publisert 04.05.2018 av Redaksjonen

– Med denne tilsetjinga har vi fått ein god leiar av arbeidet med å slå saman dei to fylkeskommunane og ein dyktig leiar i det nye storfylket. Dette er eit framifrå grunnlag for å jobbe vidare med samanslåinga og forme den nye fylkeskommunen på Vestlandet, seier fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun, som har leia tilsetjingsutvalet.

Fellesnemnda, som arbeider for samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar, gjorde eit samrøystes vedtak på møtet i Bergen. Dei er samansett av fylkesutvala i dei to fylkeskommunane.

– Dyktig og erfaren

– Det er viktig at vi har fått på plass ein dyktig og erfaren prosjektleiar for det nye Vestlandsfylket. Rune kjenner godt prosessen og samspelet mellom fylkeskommunane, og vil bidra positivt for å lukkast med å bygge eit nytt, sterkt fylke, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling.

Stillinga var lyst ledig før påske. Det var seks søkjarar. Ei tilsetjingsnemnd har hatt fleire arbeidsmøte og la fram samrøystes innstilling for fellesnemnda om å tilsette Haugsdal i stillinga.

Først prosjektleiar, så rådmann

– Eg er takksam for tilliten eg har fått frå fellesnemnda. Dette er ei krevjande og særs interessant utfordring. No ser eg fram til å jobbe saman med høgt kompetente tilsette i Sogn og Fjordane og Hordaland, seier Rune Haugsdal.

Haugsdal skal fram til 1. januar 2020 vere prosjektleiar for samanslåingsprosessen. Deretter blir Rune Haugsdal fylkesrådmann i det nye vestlandsfylket. Haugsdal meiner ein ny og større fylkeskommune gjev nye moglegheiter for regionen.

– Målet må vere at den nye fylkeskommunen skal bli ein god samarbeidspartnar og vital utviklingskraft for framtidsretta samfunnsutvikling, sterkare infrastrukturbygging og berekraftig forvaltning av ressursar, seier Haugsdal.

– Ein ny og større fylkeskommune på Vestlandet vil og bidra til sterkare demokrati, kultur og identitetsbygging, seier den nye prosjektleiaren/fylkesrådmannen.

Utdanna sivilingeniør

Haugsdal er 58 år og har vore fylkesrådmann i Hordaland i fem år. Han kom frå stillinga som kommunaldirektør for finans, konkurranse og eigarskap i Bergen kommune.

Før det var han direktør i Bybanen utbygging, og regiondirektør i Skanska Bolig. Han er utdanna sivilingeniør ved dåverande NTH i Trondheim.