INNSTILT: Noverande fylkesrådmann i Hordaland, Rune Haugsdal, blir etter alt å døme prosjektleiar og etter kvart fylkesrådmann i det nye fylket.

Rune Haugsdal innstilt som prosjektleiar/fylkesrådmann i storfylket på Vestlandet

Rune Haugsdal er av tilsetjingsutvalet samrøystes innstilt som prosjektleiar for samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar og som ny fylkesrådmann i det nye vestlandsfylket.

Publisert 30.04.2018 av Redaksjonen

Endeleg tilsetting skjer i fellesnemnda for samanslåing av dei to fylka fredag 4. mai.

Tilsetjingsutvalet har hatt fleire arbeidsmøte, og la i dag fram ei samrøystes innstilling. Tilsetjingsutvalet er samansett av 10 personar, åtte politikarar, fire frå kvart fylke og to tillitsvalde. Leiar av tilsetjingsutvalet er fylkesordførar Anne Gine Hestetun i Hordaland.

– Det er viktig for den vidare samanslåingsprosessen at vi får på plass ein prosjektleiar. Dette er ei viktig stilling i arbeidet med å forme det nye storfylket på Vestlandet. No blir innstillinga sendt til fellesnemnda som tek den endelege avgjersla på fredag, seier Anne Gine Hestetun.

Rune Haugsdal (58) er i dag fylkesrådmann i Hordaland fylkeskommune.

Denne artikkelen er også publisertpå hfk.no og sfj.no .