GLEDE OVER NAMNET: Dei to fylkesordførarane Anne Gine Hestetun og Jenny Følling er glade for namnevalet.

Regjeringa går for Vestland fylkeskommune

Fylkesordførarane i Hordaland og Sogn og Fjordane gler seg over at kommunalminister Monica Mæland tilrår Vestland som namn på det nye vestlandsfylket.

Publisert 06.04.2018 av Redaksjonen

Fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane vedtok i februar 2017 å slå saman dei to fylka med verknad frå 1. januar 2020. Begge fylka har gått inn for at den nye fylkeskommunen får namnet Vestlandet eller Vestland fylkeskommune.

Vestland

Regjeringa har i statsråd i dag avgjort at dei tilrår Vestland som namn på det nye fylket.

– Dette er vi veldig glade for. Tilrådinga følgjer opp ønsket frå eit samla fylkesutval og fylkesting i Sogn og Fjordane, og eg trur det kan vere med og byggje ein identitet for vestlandsfylket. Eg legg til grunn at Stortinget følgjer tilrådinga frå departementet når dei gjer det endelege vedtaket før sommaren, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling.

Stort potensiale

– Dette er eit namn som har stort potensial, og som det er brei oppslutnad om, seier fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun.

– Eg er glad for at vi har fått eit forslag til namn, og meiner at vi med dette namnet kan byggje ein felles identitet for det nye storfylket i vest, seier Hestetun.

Denne artikkelen er også publisert på hfk.no og sfj.no.