Det blir framleis skulefrukost i dei vidaregåande skulane i Hordaland. I tillegg blir den innført i dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane.

Skulefrukost og skulepsykolog i heile Vestland

Skulefrukosten og skulepsykologane i den vidaregåande skulen i Hordaland blir utvida til å gjelde heile Vestland fylke.

Publisert 26.11.2019 av Redaksjonen

Det er klart etter at finansutvalet i Vestland har lagt fram tilrådinga til budsjett for Vestland fylkeskommune for 2020. Dei seks samarbeidspartia i fylkestinget som har fleirtal, er blitt samde om det nye fylkesbudsjettet. Dette er A, Sp, KrF, V, SV og MDG.

10 millionar kroner til skulefrukost

Skulefrukosten i Hordaland blir gjennomført som før. I tillegg skal dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane bli med frå neste skuleår. Totalt er det avsett 10 millionar kroner til å gje elevane ein god start på dagen. Til å vidareføre tiltaket med skulepsykologar er det avsett 6,5 millionar korner.

Andre tiltak innan opplæring og kompetanse, som får pengar er VilVite med ein halv million, Robin Hood-huset med 200 000, 2,1 millionar til vaksine mot hjernehinnebetennelse, 400 000 til Raftostiftelsen, 3,1 millionar kroner til elevpc og 300 000 etter og vidareutdanning for vaksne.

Innan samferdsel og mobilitet får servicelinjen i Bergen 1,2 millionar, fem millionar til trygge skulevegar og 100 000 til Tindevegen.

Nullvekst i kollektivprisane

Innan kollektivtrafikken skal det bli nullvekst i takstane og ikkje kutt i tilbodet. Takstane skal auke i takt med auke i konsumprisindeksen. Men fylket ligg og an til å kunne kutte billettprisane i kollektivtrafikken i Bergen. I framlegget til byvekstavtale er det 50 millionar kroner til reduserte takstar og 80 millionar til fleire ruter og avgangar. Disponeringa av desse midlane vil skje når forhandlingane er avslutta og ny byvekstavtale er signert.

Kommunale næringsfond blir styrka med 4 millionar, ein million til plastopprydding og to millionar til klimaplan.

Innan kultur går det ekstraløyvingar mellom anna til Opera Nordfjord, Det Vestnorske Teater, Sogn og Fjordane teater, pilgrimssenter, døvsenter og Fargespill.

Fleirtal for Bokbåten

Det er og fleirtal på fylkestinget for å vidareføre Bokbåten Epos i 2020. Administrasjonen vil få i oppgåve å sjå på pris, drift og formalitetar, og kome med ei sak ut på nyåret. Løyvinga til Bokbåten skal framleis ligge til bibliotektenesta og løyvinga kan ikkje bli omdisponert før denne saka er behandla.

For å finansiere tiltaka tilrår finansutvalet nokre nedskjeringar innan administrasjon, samferdsel, opplæring og kompetanse, næring, naturressursar og innovasjon, og kultur, idrett og integrering. For fullstendig oversyn, sjå dei to vedlegga.

Innstillinga frå finansutvalet går no til Vestland fylkesutval tysdag 3. desember. Endeleg budsjettvedtak skjer i fylkestinget 17. og 18. desember i Sogndal.

Budsjettforslag Vestland 2020

Budsjettforslag verbalpunkt 2020