Personvernerklæring

Denne personvernerklæringa handlar om korleis vi samlar inn og brukar informasjon om besøkande på vlfk.no.

vlfk.no er ein enkel nettportal, laga i WordPress, for informasjon og nyhende om samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar.

Behandlingsansvarleg

Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar ved fylkesrådmennene er behandlingsansvarleg etter personopplysningslova. Det vil seie at dei er ansvarleg for informasjonstryggleiken i løysinga, og skal sikre at alle data vert handsama på ein trygg måte. Behandlingsansvarleg er òg ansvarleg for at data er tilgjengelege for dei som har rett til innsyn. Fylkeskommunane skal dessutan sikre at det ligg føre dokumentasjon som viser at oppgåvene vert utførte i samsvar med personopplysningslova.

Databehandlar er den som behandlar data på vegne av den behandlingsansvarlige. Underleverandørar er definerte som databehandlarar.

Behandling av personopplysningar på vlfk.no

Redaktørene har det daglege ansvaret for behandling av personopplysningar på vlfk.no.

Behandlingsgrunnlaget er samtykke frå brukaren.

Det vert stilt same krav til tryggleik og konfidensialitet hjå våre eksterne leverandørar som hjå oss sjølve. Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar nyttar ulike leverandørar for å levere tenestane vi tilbyr. Slike leverandørar vil i kunne få ansvar for å behandle personopplysningar. Kva informasjon leverandøren har tilgang til og korleis han skal handsamast, vert regulert i databehandlaravtalar.

Informasjonskapslar (cookies)

Ved å gå inn på nettsidene våre, samtykkjer du i å få informasjonskapslar (cookies) i nettlesaren din. Du kan avstå frå å samtykkje til lagring av informasjonskapslar, men det kan føre til at nettsidene ikkje fungerer optimalt.

Ein informasjonskapsel eller cookie er ei lita tekstfil som vert lasta ned og lagra på brukaren sin datamaskin når han opnar ei nettside. Informasjonskapselen vert for eksempel brukt til å lagre innloggingsdetaljar eller registrere kor brukaren beveger seg rundt på nettstaden.

Informasjonskapslar kan vere nyttige både for eigaren og brukaren av ei nettside. Eigaren av nettsida kan tilpasse tenesta ut frå informasjonen som vert lagra. For brukaren kan besøk på nettsida opplevast meir brukarvenleg og tilpassa.

Informasjonskapslane vert ikkje knytte til deg som enkeltperson. Ei IP-adresse er definert som personopplysning fordi ho kan sporast tilbake til ein bestemt maskinvare og dermed til ein enkeltperson. Vi nyttar Google Analytics sin funksjon for å anonymisere IP-adressa før informasjonen vert lagra. Dermed kan ikkje den lagra IP-adressa nyttast til å identifisere den enkelte brukaren.

Slik administrerer du informasjonskapslar

Webanalyse og Google Analytics

Vi samlar inn avidentifiserte opplysningar om besøkande på vlfk.no. Formålet med dette er å utarbeide statistikk slik at vi kan lage eit mest mogleg brukarvennleg nettstad. Eksemplar på kva statistikken gir svar på er kor mange som besøker ulike sider, kor lenge besøket varer, kva nettstad brukarane kjem frå og kva nettlesare som brukast. Vi kan ikkje kan spore opplysningane tilbake til den enkelte brukar.

Alle data vert anonymiserte og slått saman til ei gruppe, og vert ikkje behandla individuelt. Om du ikkje ønskjer å bidra til analyse av bruken av nettsidene våre, kan du reservere deg mot det.

Vi brukar statistikkverktøyet Google Analytics. Verktøyet brukar informasjonskapslar (cookies) for å analysere korleis brukarar nyttar nettstaden.

Informasjonen som vert generert av ein slik informasjonskapsel ved bruk av den aktuelle nettstaden, inkludert IP-adressa di, vert sendt til Google og lagra på serverar i USA. Mottatte opplysningar er underlagt Google sine retningsliner for personvern.

Rettar

Alle som spør har rett på grunnleggjande informasjon om behandling av personopplysningar i ei verksemd etter personopplysningslova § 18, 1. ledd. Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommune har gitt denne informasjonen i denne erklæringa, og vil vise til henne ved eventuelle førespurnader. Dei som er registrerte i våre system har rett på innsyn i eigne opplysningar, samt rett til å fremje krav om retting eller sletting av mangelfulle eller uriktige opplysningar.

Lurar du på noko om personvernet på denne nettstaden kan du sende ein epost til personvernombodet:  marianne.seim@hfk.no

NB! Pass på å ikkje sende sensitive personopplysningar på epost.