Partia sine listeforslag

Parti som ønskjer å stille til fylkestingsvalet i 2019 må levere listeforslag til fylkeskommunen innan 1. april 2019 kl. 12.00.

På dette tidspunktet må listeforslaget ha kome fram til fylkeskommunen. Det er ikkje nok at den er postlagt.

Frist for å levere listeforslaget er vanlegvis 31. mars kl. 12.00. I 2019 fell 31. mars på ein søndag, dermed er fristen utsatt til påfølgjande kvardag; måndag 1. april.

Vestland fylkesting skal ha 65 medlem. Listeforslaget skal innehelde minimum 7 kandidater og kan maksimum inneholde 71 kandidater.

Malar for listeforslag

Det er eit krav at signaturen til dei tillitsvalte skal vere på samme ark som kandidatane. Listeforslaget må difor skrivast ut i A3-format og dobbeltsidig:

Listeforslaga skal innehalde to vedlegg:

Innlevering av listeforslag

Lever inn listeforslaga innan 1. april kl. 12.00.

Du kan levere listeforslag med vedlegg til ein av desse stadene:

  • Hordaland fylkeskommune, Agnes Mowinckels gate 5, 5008 Bergen.
  • Fylkeshuset i Leikanger, Askedalen 2, 6863 Leikanger

Dersom du ønskjer å postlegge listeforslaget, må dette vere kome fram til Hordaland eller Sogn og Fjordane fylkeskommunene innan 1. april kl. 12.00 for å vere gyldig. Poststempling innan fristen er ikkje tilstrekkeleg. Merk forsendinga med «Folkevalstyret».

Du kan sende til

  • Hordaland fylkeskommune, postboks 7900, 5020 Bergen
  • Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger

Endringar i vallova

Stortinget vedtok 4. juni 2018 fleire endringar i valloven som vil få innverknad både for gjennomføringa av kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 og stortingsvalet 2021. Endringane trer i kraft straks.

Desse endringane er vedtatt:

  • Rett til å stille liste ved valg
    Stortinget vedtok ei endring i valloven § 6-3 (1) om kven som kan skrive under på listeforslag frå registrerte politiske parti som fekk ei oppslutning på minst 500 stemmer i eitt fylke eller minst 5000 stemmer i heile landet ved forrige stortingsval. Etter dagens regelverk skal lista skrives under av minst to av styremedlemmene i partiets lokalavdeling i det fylket eller den kommunen listen gjeld. Departementet foreslo ei endring i denne bestemminga, då samanslåingane av kommunar og fylkeskommunar fører til eit behov for meir fleksibilitet.

    Det er vedtatt at to styremedlem i lokalavdelinga med ansvar for valdistriktet lista gjeld for, skal skrive under på listeforslag med tilstrekkeleg oppslutning. Dette betyr at partiet ikkje naudsynt må ha eit eiga lokallag i valdistriktet. Styremedlemma som skriv under på listeforslaget, må framleis ha stemmerett i valdistriktet.

Nye valdistrikt

Valdistrikta ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2019 skal spegle av den nye kommune- og fylkesinndelinga. Dette gjeld alle kommunar og fylkeskommunar som er omfatta av samanslåingar, grensejusteringar og delingar.

Det betyr at innbyggjarane i Hordaland og Sogn og Fjordane skal velgje sine representanter til fylkestinget i nye Vestland fylkeskommune.