Nytt fylkesordførarkjede – invitasjon til prekvalifisering

KORLEIS SKAL DET SJÅ UT? Du kan søkje om å designe det nye ordførarkjedet til Vestland fylke. (Foto: Jennifer Fossnes/vlfk.no)

Den nye fylkeskommunen som trer i kraft 1. januar 2020 skal ha eit nytt fylkesordførarkjede til fylkesordføraren i Vestland fylkeskommune. Det er ei målsetjing at kjedet er klårt til konstitueringa av nye Vestland fylkesting i oktober 2019. Vidare skal den nye fylkeskommunen ha nye møteklubber til leiarane av dei fem politiske utvala. Desse må vere på plass 1. januar 2020.

Vi søkjer kunsthandverkarar / designarar til ope prekvalifisering for nytt ordførarkjede og møteklubber til Vestland fylkeskommune.

Kven kan søkje

Profesjonelle kunsthandverkarar og designarar kan søkje. Dei må grunngje si interesse for oppdraget om å utforme nytt ordførarkjede og møteklubber til Vestland fylkeskommune. Målet er å finne kandidatar til lukka konkurranse eller direkte oppdrag.

Om ordførarkjedet

Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommuner har rikt utsmykka og symboltunge ordførarkjede i dag. For arbeidet med ordførarkjedet til Vestland fylkeskommune, er det viktig å få fram kva ordførarkjedet skal symbolisere for den nye fylkeskommunen, og at det skal vere eit smykke som representerer Vestland fylkeskommune på ein god måte.

Om møteklubbane

Møteklubbene i dag er laga av tre og har fylkeskommunen sitt våpen på begge sider.

Søknadskrav

Søkjar må sende ei – 1 – pdf-fil med kort, grunngjeven interesse, dokumentasjon av tidlegare arbeid / relevante prosjekt, og CV. Pdf-en kan vere på maksimum 10 A4-sider, alt inkludert (9 MB). Nettlenkjer kan nyttast som tillegg til dokumentasjon. Obs! Vi ønskjer i denne omgang ikkje konkrete idear eller skisser til prosjekt.

Send søknad til hfk@hfk.no. Merk emnefeltet med saksnummer 2019/2767 – Fylkesordførarkjede til Vestland fylkeskommune. Søknadsfrist er 31.mai 2019.

Om prosessen og vurdering av kandidatar

Profesjonelle kunsthandverkarar og designarar vert oppfordra til å melde si interesse for prosjektet. Med profesjonell meinast at ein har utdanning innan faget på høgskule / universitetsnivå eller tilsvarande realkompetanse.

Alle søknadene vil verte gjennomgått, og vil utgjere ein base for komiteen sitt arbeid vidare. Målet er å finne kandidatar til lukka konkurranse eller direkte oppdrag.

Har du spørsmål? Kontakt Marianne Ose Askvik, rådgjevar på kultur- og idrettsavdelinga i Hordaland fylkeskommune.