Om samanslåinga

Kva er eigentleg Vestland fylke? Her finn du det du treng å vite om den nye fylkeskommunen.

Samanslåingsprosessen – politiske utval og møte

Kva er ein fylkeskommune?
Fylkeskommunen er eit regionalt styringsnivå, nivået mellom kommune og stat. Fylkeskommunen er underlagt folkevald politisk styring, med fylkestinget som øvste politiske organ, og fylkesordførar som politisk leiar. Fylkeskommunen tek seg av oppgåver som er for store til at kvar kommune kan klare dei sjølv, eller saker som går på tvers av kommunane.

Kva er bakgrunnen for fylkessamanslåinga?
I 2017 vedtok Stortinget ein regionreform som inneber at Noreg frå 2020 skal ha 11 fylke i staden for 19. Fylkesinndelinga skal vere betre tilpassa dei samfunnsutfordringane vi står overfor, og leggje til rette for ei styrka rolle som samfunnsutviklar for fylkeskommunen. Det tyder at nokre fylkeskommunar skal slåast saman til ein større fylkeskommune. Ein av desse blir 1. januar 2020 Vestland fylkeskommune, som skal bestå av det som i dag er Hordaland og Sogn og Fjordane.

Kva skal det nye fylket heite?
Stortinget vedtok 7. juni at det nye fylket skal heite Vestland fylkeskommune. Dette er i tråd med ønska frå Hordaland og Sogn og Fjordane, som begge har gått inn for at den nye fylkeskommunen skal namnet Vestlandet eller Vestland fylkeskommune.

Kva skal den nye fylkeskommunen gjere?
Fylkeskommunen skal framleis ha dei oppgåvane vi har i dag; mellom anna vidaregåande skular, regional utvikling og planlegging, kultur, samferdsel, tannhelsetjeneste, folkehelsearbeid. I tillegg skal vi få fleire nye oppgåver som skal utvide og utfylle fagområda der fylkeskommunane allereie i dag har eit ansvar, og styrke fylkeskomunnen si rolle som samfunnsutviklar.

I oktober 2018 la regjeringa fram ei stortingsmelding med forslag til kva oppgåver som skal overførast til fylkeskommunane. Her ligg det oppgåver innan næring, innovasjon og forsking, kompetanse, integrering, kultur, folkehelse, samferdsel, klima og miljø. Stortinget skal bestemme endeleg fordeling av oppgåver.

Kva er fellesnemnda?
Ei fellesnemnd med 15 fylkespolitikarar frå Hordaland og 9 frå Sogn og Fjordane har bestemt alt som har å gjere med samanslåinga og organiseringa av den nye fylkeskommunen – innanfor rammene Stortinget og regjeringa har satt.

Kva er fylkestinget?
Fylkestinget er det øvste politiske organet i fylkeskommunen.  Det gjer vedtak i alle viktige og prinsipielle saker som gjeld verksemda til fylkeskommunen. Fylkesordføraren er leiar for fylkestinget. Vestland fylkesting blei konstituert 15. oktober 2019.

I praksis tek fylkestinget i vare ansvaret sitt ved å delegere oppgåver til fylkesutvalet, dei faste utvala i fylkeskommunen og til fylkesrådmannen.