DRØFTINGSMØTE: I komiteen for nytt fylkesordførarkjede er Marianne Ose Askvik (f.v.), Knut Mykkeltvedt, Åse Bjørnestad Dale, Bjørn Hollevik, Ronny Skaar, Benthe Bondhus, Ingebjørg Erikstad og Åshild Kjelsnes.

Nytt fylkesordførarkjede i Vestland

I slutten av august blir det klart korleis fylkesordførarkjedet til Vestland fylkeskommune skal sjå ut. Komiteen samla seg i møte 14. august om det aller meste.

Publisert 15.08.2019 av Redaksjonen

– Vi har diskutert og er samde om det overordna, seier Bjørn Hollevik, fylkespolitikar frå Sogn og Fjordane i komiteen.

– Vi er kjempenøgde med det som er lagt fram her i dag. Skissene vi har fått, er imponerande, seier Benthe Bondhus, fylkespolitikar frå Hordaland i komiteen.

Ny skisse om 14 dagar

Seks skisser til nytt fylkesordførarkjede vart lagt fram i komitemøtet. Komiteen vart samd om å be om ei ny skisse, basert på innspela i møtet. Ei ny skisse skal vere klar i løpet av 14 dagar.

– Då skal vi ha nytt møte og bli samde om korleis fylkesordførarkjedet skal sjå ut, seier Bondhus.

Komiteen held korta tett på brystet om kva motiv og symbol som skal bli med i kjedet.

– Det som vi har fått levert, er fantastisk. Eg vil gje ros til dei som har jobba med dette og administrasjonen, seier Bondhus.

Skal fortelje historier utan ord

Arbeidet med nytt fylkesordførarkjede starta i april.

– Vi inviterte profesjonelle kunstnarar og sølvsmedar. Etter gjennomgang gav vi oppdraget til Fjordsylv AS i Vik i Sogn og grafisk formgjevar Åse Bjørnestad Dale i Aurland, seier utviklingssjef Ronny Skaar i Hordaland fylkeskommune.

– Dette har vore eit ærerikt oppdrag. Fylkesordførarkjedet er eit smykke som skal fortelje historiene utan ord, men med symbol. Det skal innehalde mange ting. Det skal vere stilreint, ha utsjånad, ha symbol, vere enkelt og skal kunne sjåast på avstand slik at vi forstår kva det er, seier Åse Bjørnestad Dale som skal teikne ei endeleg skisse til neste møte om 14 dagar.

Utfordrande jobb

Sølvsmed Knut Mykkeltvedt i Fjordsylv AS har fått oppdraget med å lage fylkesordførarkjedet.

– Det blir ei utfordrande jobb. Eg er alt i gang med å lage det som vi veit skal vere med. Det er interessant å jobbe med Åse. Vi to har tidlegare jobba saman om ordførarkjedet i Aurland, seier Mykkeltvedt som har frist til 15. oktober med å gjere kjedet ferdig. Då skal den første fylkesordføraren i Vestland ta på seg kjedet for aller første gang når det nye fylkestinget møter til høgtidleg seremoni i Håkonshallen.