Nyheiter

Samling på Gulating

Samla på Gulatinget på ny

«Hordaland og Sogn og Fjordane blir eitt. Eit kvarttusen år sidan sist. I soga er hundreåra små.» Slik helsa Fridtjov Urdal dei 88 fylkestingsrepresentantane frå dei to fylka, då dei markerte samanslåinga på tingstaden Gulatinget.

Historiske fylkestingsvedtak i Gulen

Fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland har i dag vedteke at dei vil kalle det nye fylket for Vestlandet. Fylkestinga har vore samla i Gulen, og de to fylkestinga gjorde likelydande vedtak om det nye fylket, som trer i kraft 1. januar 2020.
Samling på Gulating

Samanslåinga av dei to vestlandsfylka i gang

Fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane sit no i sitt første felles møte på historisk grunn. Dette er starten på arbeidet med samanslåing av dei to fylka.
Samling på Gulating

Sjå opptak av drøftingsmøtet med Hordaland

Fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland var 27. oktober samla til felles drøftingsmøte i Gulen, for å diskutere og vedta vegen vidare i prosessen med å bli eitt fylke frå 2020. Her kan du sjå opptak av møtet.
Samling på Gulating

Historisk dag på historisk plass

– Dette er ein historisk dag, og vi er på ein historisk plass, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun. For første gong sidan 1300-talet var dei som bestemmer på Vestlandet atter samla på Gulatinget.