Nye oppgåver til fylkeskommunane

Nye oppgåver til fylkeskommunane

Kommunal- og moderniseringsministaren oppnemnde 13. juni 2017 eit ekspertutval som skulle kome med forslag om fleire oppgåver til dei nye fylkeskommunane. Dette utvalsarbeidet inngår i den store regionreforma. Stortinget har her gjort vedtak om at det frå 2020 skal vere 11 regionar/fylkeskommunar (inkl. Oslo) i landet vårt.

Publisert 01.02.2018 av Redaksjonen

Ekspertutvalet overleverer i dag rapporten sin til kommunal- og moderniseringsministar Monica Mæland. Rapporten har tittelen: «Regionreforma: Desentralisering av oppgåver frå staten til fylkeskommunane.»

I utvalet sitt mandat ligg at alle forslag om overføring av oppgåver til fylkeskommunane skal forankrast i retningsliner utforma av eit tidlegare «Oppgavefordelingsutvalg». Ut frå dette har ekspertutvalet sjølv utleia fem retningsliner som ein har brukt i eige arbeid. Desse lyder slik:

  1. Oppgåver bør leggjast så nær innbyggjarane som mogleg, men på eit så høgt nivå at oppgåveløysinga vert effektiv.
  2. Det forvaltningsorganet som er tillagt ansvar og avgjerdsmynde for ei oppgåve, skal også ha fagmiljøet knytt til oppgåva og ansvaret for å finansiere utgiftene til oppgåveløysinga.
  3. Oppgåver som krev utøving av politisk skjønn og vurdering bør liggje til folkevalde organ.
  4. Oppgåver som krev stor grad av koordinering/samordning, og/eller oppgåver som har stor kontaktflate med kvarandre, bør liggje til same forvaltningsorgan.
  5. Oppgåver som av ulike årsaker ikkje skal la seg påverke av lokalpolitiske forhold, bør vere eit statleg ansvar. Staten bør ha ansvaret for oppgåver som føreset eit nasjonalt heilskapsgrep for god oppgåveløysing.

Med dette som utgangspunkt tilrår ekspertutvalet at dei nye fylkeskommunane får tilført ei rekke nye oppgåver. Desse ligg innanfor følgjande hovudområde:

  • Næring, kompetanse og integrering
  • Klima, miljø og naturressursar
  • Samferdsel/infrastruktur
  • Kultur og kulturminnevern
  • Helse og levekår

Ekspertutvalet tilrår også at dei nye fylkeskommunane får ansvaret for ei rekke tilskots- og prosjektmidlar med relevans for dei nye oppgåvene. Dette er midlar som i dag vert forvalta av departement, direktorat og regional statsforvaltning.

Utvalet tilrår nedlegging av fem statlege institusjonar: IMDi, Kompetanse Norge, Statped, Distriktssenteret og Siva. I tillegg inneber tilrådingane nedlegging av Bufetat.

Utvalet uttrykkjer også at dagens regionale planlegging må gjerast meir forpliktande. Dette rettar seg særleg mot statlege organ, som i større grad må kunne forplikte seg både i planprosessar og i høve planvedtak.

Endeleg tilrår utvalet at visse oppgåver vert nærare utgreidde. Blant desse er organiseringa av sjukehusa, der ein også bør vurdere ein fylkeskommunal modell.

Det er venta at regjering og Storting vil handsame nemnde rapport før sommaren 2018.

Ekspertutvalet har vore leia av professor Terje P. Hagen, Universitet i Oslo. Medlemer har vore førsteamanuensis Jon P. Knudsen (Universitetet i Agder), professor Anne Lise Fimreite (Universitetet i Bergen), forskar I Gro Sandkjær Hansen (Høgskolen i Oslo og Akershus), tidligare avdelingsdirektør i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Christine Hjortland, fylkesrådmann Tore Eriksen (Sogn og Fjordane) og tidlegare fylkesmann Svein Ludvigsen (Troms).

Utvalet sin rapport er samrøystes på alle punkt.

Ved å gå inn på lenka her (KMD) vil du 1. februar 2018 få tilgang til heile rapporten

Denne artikkelen er tidlegare publisert på sfj.no.