Ny HR-direktør for Vestland tilsett

Hilde M. B. Withammer er tilsett som HR-direktør i nye Vestland fylkeskommune. Ho tek venteleg til i stillinga 1. desember i år.

Publisert 14.10.2019 av Redaksjonen

Hilde M. B. Withammer (58) kjem frå stillinga som kompetansesjef i Statens vegvesen, Vegdirektoratet. Tidlegare har ho ti år bak seg som HR-sjef i same etat i Region Vest, der ho i periodar også har fungert som avdelingsdirektør og økonomisjef. Vidare har ho arbeidd som kontorsjef for IKT-avdelinga og som seniorrådgjevar innan HR ved Universitetet i Bergen og som rådgjevar ved ulike avdelingar i Bergen kommune.

Withammer er utdanna cand. polit. med hovudfag i pedagogikk. Ho har også tilleggsutdanning innan m.a. endringsleiing, kompetanseleiing, coaching og kompetansestyring og strategisk opplæringsplanlegging.

Som HR-direktør vil ho vere ein del av leiargruppa for organisasjons- og økonomiavdelinga.

– ­Eg ser verkeleg fram til å få vere med og byggje opp nye Vestland fylkeskommune, som eg ser på som ein spennande organisasjon med svært kompetente medarbeidarar og viktige samfunnsoppgåver. Eg er oppteken av at HR-funksjonen skal bidra til at organisasjonen kan møte både dagens og morgondagens utfordringar på ein kompetent og offensiv måte, gje god støtte til leiarane og aktivt vere med på å utvikle organisasjonen vidare. Eg gler meg stort til å bli kjent med medarbeidarane mine og heile organisasjonen og til å bli ein del av VLFK-laget, seier Hilde M. B. Withammer.