Foto: Morten Wanvik/Hordaland fylkeskommune

Ny, felles anleggspolitikk i Vestland

I 2020 skal Vestland fylkeskommune fordele omlag 220 mill. kr. i spelemidlar til anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Anleggspolitikken og kriteria som skal liggje til grunn for fordelinga er no klare.

Publisert 25.06.2019 av Redaksjonen

Det nye regelverket vart vedteke i fellesnemnda 18. juni, og gjeld for perioden 2020–2024. Det byggjer på gjeldande kulturplanar i dei to fylka, eit godt kunnskapsgrunnlag, brei medverknad og gode høyringsfråsegner.

Visjonen for arbeidet er «fysisk aktiv kvar dag».

– Spelemidlane gjer at vi kan gjennomføre den nye anleggspolitikken i godt samspel med  kommunane, idretten og friluftslivet sine organisasjonar og andre. Slik kan vi leggje til rette for fysisk aktivitet og vi kan byggje gode lokalsamfunn. Vi får tru at det kjem mange gode søknader frå aktørane i Vestland i tida som kjem, seier påtroppande fylkesdirektør for kultur, idrett og inkludering, Per Morten Ekerhovd.

Bakgrunn

I år vart det i Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar til saman fordelt nærmare 223 millionar kroner i spelemidlar, med ein godkjend søknadssum på over 1 milliard kroner.

Fylka har i dag noko ulik tilnærming i anleggspolitikken og kriteria for tildeling av spelemidlar. For å ha eit best mogleg grunnlag for aktørane ute, kommunane og frivillig sektor, er det avgjerande at Vestland fylkeskommune har felles politikk og kriterium.

Denne vil òg gje føringar for utvikling av kommunal anleggspolitikk. Dette er særleg tidskritisk for dei kommunane som skal slå seg saman, og gir føreseielege vilkår for kommunane og frivillig sektor i god tid før dei gjer sine anleggsprioriteringar hausten 2019.

Fysisk aktiv kvar dag

Anleggsutvikling er eit særs viktig verkemiddel for å få folk i aktivitet, og det er innbyggjarane sine behov for aktivitet som skal liggje til grunn for kva anlegg som skal byggast.

Gjennom god kunnskap, planforankring og samhandling mellom offentleg, frivillig og privat sektor skal vi saman med innbyggarane få bygd dei rette anlegga.

I handlingsprogrammet er det ulike tiltak som skal vere til hjelp for å kunne realisere god anleggsutvikling i Vestland. Her blir det også peikt på at det er mange ulike aktørar som har eit ansvar for å gjennomføre tiltaka for å nå visjonen «fysisk aktiv kvar dag»: Fylkeskommunen, kommunar, idretten, friluftsorganisasjonar og ulike kompetansemiljø.