Fylkesordførar Jenny Følling. Foto: Thor-Aage Lillestøl

Nøgd fylkesordførar utfordrar Stortinget til å følgje ekspertutvalet

Fylkesordførar Jenny Følling synest ekspertutvalet som i dag har lagt fram forslaget til nye oppgåver til fylkeskommunane, har gjort eit grundig arbeid. No ber ho Stortinget følgje opp.

Publisert 01.02.2018 av Redaksjonen

Følling peiker på at når Stortinget har vedteke regionreforma må dei syte for ei solid overføring av oppgåver til det folkevalde nivået.

– Oppgåvene utvalet føreslår, vil gje eit vitalt regionalt folkevalt nivå og ein demokratigevinst. Ved å politisere oppgåver og leggje dei til eit politisk folkevalt nivå, får vi betre sjanse til auka påverknad, seier fylkesordføraren.

Her kan du lese meir om kva oppgåver ekspertutvalet vil overføre til fylkeskommunane.

Medfører stor budsjettauke

Ho meiner samfunnsutviklarrolla til fylkeskommunane er viktig. Såleis er ho godt nøgd med forslaget om at dagens regionale planlegging i større grad skal forplikte staten i både planprosessar og når det gjeld å følgje opp planvedtaka.

Totalt vil forslaga medføre ei budsjettauke på 23,5 milliardar, som tilsvara eit auka rammebudsjett for fylkeskommunane på 32 prosent.

På kulturområdet føreslår ekspertutvalet overføring av eit stort ansvar ved å desentralisere ansvaret for ei rekke tilskotsordningar frå Kulturrådet til fylkeskommunane. I strategien til utvalet ligg det at kultur- og identitetsbygging er ein sentral suksessfaktor i bygginga av nye, heilskaplege regionar.

Vil jobbe hardt for nye oppgåver

– Regionalpolitisk styring med overføring av viktige verkemiddel og ansvar vil gje fylka eit langt større moglegheit til å samordne innsats innanfor samferdsle, næring, klima og miljø, seier Følling.

Ho understrekar vidare at verdiskaping og auka arbeidsplassar i fylka våre vil være viktige sideeffektar.

Utvalsleiar Terje P. Hagen sa under framlegginga av rapporten i dag sa at regional verdiskaping i tillegg har stor betydning for nasjonaløkonomien.

– Vi vil jobbe hardt for at fylka skal få disse nye oppgåvene, avsluttar fylkesordføraren, som skal møte resten av fylkesordførarkollegiet 9. februar.

Les heile rapporten «Regionreformen. Desentralisering av oppgaver fra staten til fylkeskommunene».

Denne artikkelen er tidlegare publisert på sfj.no