Frå møte i arbeidsutvalet i Førde juni 2018. Foto: Runar B. Mæland/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Møte i fellesnemnda sitt arbeidsutval måndag 10. september

Avklaringar om den politiske og administrative organiseringa i Vestland fylkeskommune er blant sakene på dagsorden til det komande møtet i arbeidsutvalet.

Publisert 07.09.2018 av Redaksjonen

Arbeidsutvalet skal også setje i gang arbeidet med ein felles, regional planstrategi for det nye storfylket som trer i kraft frå 1.1.2020. Arbeidsutvalet førebur saker og innstiller til fellesnemnda, som har møte i Bergen 21. september.

I tillegg til dei andre sakene skal Per Morten Ekerhovd, konstituert fylkesdirektør for næring og kultur i Hordaland fylkeskommune, orientere arbeidsutvalet om den vidare prosessen mot nytt fylkesvåpen etter den vellukka innspelsprosessen og nettrøystinga.

Møtet i arbeidsutvalet vert denne gongen gjennomført på videokonferanse mellom fylkeshusa i Bergen og Leikanger, og startar klokka 10.00.

Saksliste og –dokument til møtet finn du her.

Les meir om fellesnemnda og arbeidsutvalet