Følg møtet i fellesnemnda fredag 21. september

Fellesnemnda for samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane har møte i Bergen på fredag. Her kan du følgje møtet direkte.

Publisert 20.09.2018 av Redaksjonen

Møtet i fellesnemnda finn stad på Scandic Flesland Airport Hotel og startar klokka 09.30. Sakspapir til møtet finn du her.

Fellesnemnda er sett saman av fylkesutvala i Hordaland og Sogn og Fjordane, og leier det politiske arbeidet med samanslåinga av dei to fylka. Fellesnemnda har 24 medlemar, 15 frå Hordaland og 9 frå Sogn og Fjordane.