Kva har vi og kva har vi ikkje

Ulike arkivinstitusjonar har ansvar for å ta vare på ulike typar arkiv. Det er dels geografi og dels lovverket som bestemmer dette. Her er ei oversikt over kvar ein finn ulike typar arkiv og kjelder.

Dette har vi: 

Fylkeskommunen i Vestland forvaltar privatarkiv og foto frå heile Vestland fylke, stadnamn frå tidlegare Sogn og Fjordane, tradisjonsmusikk frå heile Vestland fylke, lyd og levande bilete frå heile Vestland fylke. 

Kommunearkivordnina i Vestland KO har eldre og avslutta arkiv frå Vestland fylkeskommune, inkludert dei tidlegare fylkeskommunane, og kommunane frå tidlegare Sogn og Fjordane. Du finn ei over kommunane sine arkiv i arkivkatalogen vår


Dette har dei andre institusjonane: 

Byarkivet i Bergen

Arkiva til Bergen kommune, inkludert historiske foto. 

IKA Hordaland

Eldre og avslutta arkiv frå kommunane frå tidlegare Hordaland

Arkivverket/Statsarkivet 

Arkiv etter statlege institusjonar og etter nasjonale private organisasjonar, institusjonar, bedrifter og personar. Arkiva etter statens lokale og regionale institusjonar, som til dømes arkiv etter kyrkje, politi og lensmann, fylkesmenn og sorenskrivarar, ligg hjå Statsarkivet i Bergen.  

Universitetet i Bergen

Historiske foto, antikvariske dokumenter, skeive historier og mye mer. Spesialsamlingane ved UiB består av Manuskript- og librarsamlingen, Billedsamlingen, Skeivt arkiv og Språksamlingane.

Musea og andre kulturarvsinstitusjonar

Privatarkiv og private fotosamlingar med meir. Les meir om dei ti konsoliderte musea i Vestland. Digitaliserte foto finn ein på digitaltmuseum.no.

Nasjonalbiblioteket

Aviser, litteratur, som til dømes bygdebøker, lokalhistoriske publikasjonar og anna, foto, som til dømes flyfoto, film med meir. Mykje er digitalt tilgjengeleg på nb.no