På laksefiske i Jølstra - og i arkivet

1. juni startar laksesesongen. Dagen er som julaftan for laksefiskarar, og innleier for mange ei tid med sitrande spaning ved elvebreidda, i von om å få storruggen på kroken.  

Svart-kvitt-bilde av mann med bart, hatt og fiskestong. Ved sidan av han heng ein stor fisk på ei dør.
Thorvald Beyer med fin fangst. Skilet "Hie habitat libertas" er latin og tyder "her bur fridommen". (Fotograf: Ukjent. Datering: ukjent.)

Sportsfisket har lange tradisjonar, både som hobby og næring. Forretningsmannen Thorvald Beyer frå Bergen inngjekk i 1889 ein leigeavtale i 20 år for elva Jølstra. I 1903 fekk han dessutan tinglyst skøyte på futegarden Bruland i Førde. Beyer var sjølv ein ivrig laksefiskar, men han dreiv også eit reisebyrå, med engelske sportsfiskarar som ei av målgruppene. 

Du kan lese meir om Thorvald Beyer og elvefiske etter laks i to artiklar Jan Skåre skreiv for Jul i Sunnfjord: 

Laksefisket i Jølstra er godt dokumentert, i form av tre bøker Beyer kalla "Sports journalar". Desse vart avleverte til Vestland fylkeskommune for nokre år sidan. Protokollane inneheld både fiskehistorier og jaktforteljingar. Dei har opplysingar om utstyr, vèr, mat og mykje anna. 

Bøkene er publiserte på Digitalarkivet og kan lesast her.   

Publisert 01.06.2023