Digitalt kurs i interkommunale samarbeid

Kommunearkivordninga i Vestland inviterer til digitalt kurs om interkommunalt samarbeid etter kommunelova fredag 2. februar.

Kurset går over 4 timar og passar for alle som har behov for meir kunnskap om interkommunale samarbeid, som til dømes arkivleiarar, arkivmedarbeidarar, einingsleiarar, kommunedirektørar, leiarar i interkommunale samarbeid, politikarar og saksbehandlarar.

Det har kome ønske frå kommunane våre om eit slikt kurs, og vi har vore så heldige å få advokat Kurt O. Bjørnnes til å stille som kurshaldar. Han har 25 års erfaring med å halde kurs og foredrag for offentlig sektor. 

Deltakaravgifta for kommunane i Kommunearkivordninga i Vestland er kr. 800 per person. Prisen for andre/eksterne er kr. 1200. Vi gjer merksam på at påmeldinga er bindande. Viss du må melde fråfall kan ein annan frå kommunen ta din plass. 

Meld deg på via digialt skjema.

Informasjon om innhaldet i kurset frå kurshaldar:

  • Velkommen
  • Innledning om interkommunalt samarbeid
  • Veileder om interkommunalt samarbeid; Kommunal- og distriktsdepartementet oktober 2023
  • Kommuneloven kapittel 17 – 20
  • Om myndighet til å treffe enkeltvedtak eller utferdige forskrift
  • Om begrepet kommunestyret «selv»
  • Samarbeidsformene etter kommuneloven
    • Interkommunalt politisk råd (IPR), kapittel 18
    • Kommunalt oppgavefellesskap (KO), kapittel 19
    • Vertskommunesamarbeid, kapittel 20
  • Interkommunalt selskap (IKS), etter lov om interkommunale selskaper
  • Aksjeselskaper etter aksjeloven
  • Arkiv- og arkivproblemstillinger

Publisert 19.12.2023