Kontaktkonferansen 2024

28. og 29. mai 2024 inviterer Kommunearkivordninga i Vestland alle våre medlemskommunar til Gloppen hotell på Sandane, til den årlege kontaktkonferansen.

Historisk bilete av hotell bygd i tre.
Sivertsen Hotel Sandene Nordfjord. Fotograf Knud Knudsen. Kjelde: Avdeling for spesialsamlinger ved UiB / marcus.uib.no

Statsråd Oddmund Hoel kjem på konferansen vår i år for å snakke om kva kompetanse kommunane og arkivinstitusjonane treng no og i framtida. I tillegg til dette vert det fleire spennande faglege innlegg og diskusjonar. Vi gler oss! 

Program for Kontaktkonferansen 2024

 

Dag 1 – tysdag 28. mai

10.00   Registrering

10.30   Kva kompetanse treng kommunane og arkivinstitusjonane no og i framtida

Oddmund Hoel, forskings- og høgare utdanningsminister og professor ved Høgskulen på Vestlandet, held ein hovudinnlegg.

11.20  Innlegg frå:

-          Kenneth Stigen Fureli, leiar for dokumentsenteret i Vestland fylkeskommune

-          Marit Kvalen, arkivleiar i Luster kommune

-          Karl Fredrik Balchen, ordningsmedarbeidar ved KAV

Refleksjonar og diskusjon

12.30   Lunsj

13.30   Bevaringsplan for privatarkiv i Vestland – Linn-Cecilie Salomonsen, Vestland fylkeskommune

14.00 Tilsyn – erfaringar frå Høyanger og Fjaler

15.00  Brannen i Gloppen - Introduksjon og omvising på rådhuset v/Sissel Hauge Søreide, arkivleiar, og Kjell Aske, brann- og beredskapssjef i Gloppen kommune

17.00   Program slutt

18.30  Sosialt program på Nordfjord museum (Eiga påmelding kjem.)

20.00  Middag på Gloppen hotell

Dag 2 – onsdag 29. mai

07.45  Tur til dagsturhytta/TIN camp med matpakke frå hotellet (Eiga påmelding kjem.)

09.30  Digitalt skapte arkiv

-          Orienteringar og diskusjon v/Kristian Skjellaug og Espen Sæterbø, KAV

-          Nye system og arkiv v/ Geir Kåre Utmo, Vestland fylkeskommune

10.30  Deponering av papirarkiv til nytt arkivbygg

-          Status og oppdateringar v/Sigrun Espe, KAV

-          Plan for mottak frå kommunane v/Olav Haugen, KAV

-          Arbeid med skada arkiv v/Kristine Rohde, KAV

-          Ordning av arkiv – Kva gjer vi og kvifor gjer vi det? v/Espen Sæterbø, KAV

12.15   Arkiv – beingrind eller kakepynt for musea – v/Annette Langedal Holme, museumsleiar ved Kystmuseet i Sogn og Fjordane

13.00   Lunsj

14.00   Tilsette frå KAV er tilgjengelege for spørsmål og diskusjon

15.00   Avslutning

 

Les meir om tidlegare konferansar vi har arrangert: