På sporet av ein fylkesdirektør

I samband med markering av rund dag tok vi som jobbar med historiske arkiv i Vestland fylkeskommune, initiativ til å gje fylkesdirektør Rune Haugsdal ei spesiell gåve: eit djupdykk i si eiga slektshistorie. Vi var spente på kva spor vi kunne finne etter han i kjeldene.

Vi visste at fylkesdirektøren hadde interesse for slektsforsking, og sette oss som mål å overraske han med nye opplysningar. Vi inviterte han til å møte oss på kaien på Kaupanger i Sogn, i eit gammalt bygg som går under namnet Glaværstova.

Heile teksten kan du lese ved å trykke på lenken På sporet av ein fylkesdirektør (aksess-tidsskrift.no)

Bilete av Ein mann som studerer kjeldemateriale ved eit bord i eit eldre hus, Glaværstova. Ein mann og ei kvinne sit med ryggen til.
Privatarkivar Per Olav Bøyum, fylkesdirektør Rune Haugsdal og museumspedagog Mari Sofie Sandvik frå De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum ser på kjeldematerialet. Foto Vestland fylkeskommune.

AKSESS er eit uavhengig tidsskrift for arkiv og dokumentasjonsforvaltning i Noreg. Tidsskriftet er ein kanal for heile sektoren og har som mål å klargjera, binda saman og utvikla feltet, og dessutan å synleggjera arkiv i den norske offentlegheita gjennom eit breitt spekter av tema. AKSESS skal driva kritisk journalistikk og gi rom til refleksjon, debatt og erfaringsdeling. Vestland fylkeskommune og Fylkesarkivet er med på å finansiere AKSESS som er eit svært viktig tilskot i formidlingsarbeidet av både historiske kjelder og arkivarbeid.

Publisert 11.01.2024