Lesesal og bibliotek

Vi held til på fylkeshuset på Leikanger og i Vestlandshuset i Bergen. På grunn av ombygging vil det vera avgrensa tilgang til lesesal og bibliotek på Leikanger i tida framover. Gjester kan og avtale besøk på Vestlandshuset i Bergen for tilgang til materiale som er lagret der. Ta kontakt med oss om du har planlagt eller planlegg eit besøk til lesesalane på Leikanger eller i Bergen.

Studere arkivmateriale?

Dersom du ønskjer innsyn i arkivmateriale, må du avtale tid med ein sakshandsamar på førehand. Dette for at vi skal leggje til rette og finne fram det du ønskjer å sjå av arkivmateriale. 

Bruke biblioteket?

På grunn av ombygging av fylkeshuset på Leikanger er boksamlinga på biblioteket midlertidig pakka ned. Biblioteket er planlagt åpna 2024/25 

På lesesalen har vi lokalhistoriske bøker og trykksaker, hovudsakleg frå tidlegare Sogn og Fjordane. Boksamlinga er delt inn i fogderi, fylke og kommunar. I tillegg har vi faglitteratur og tidsskrift innan historie, slekt, utvandring, musikk, stadnamn, offentleg forvaltning og arkiv. 

Lesesalen inneheld og ei mindre samling mikrofilma folketeljingar, kyrkjebøker, panteregister og lokalaviser. 

Bøker, tidsskrift og mikrofilmar er registrerte i ein elektronisk base  (Sogndalsbasen, avdeling Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane). Her har du mange søkjemuligheiter på bøker og andre medium.

Ønskjer du å søke i lokalhistoriske artiklar frå gamle Sogn og Fjordane? "Lokalhistoriske artiklar" er ein bibliografisk database der det er registrert lokalhistorisk litteratur frå tidlegare Sogn og Fjordane utgitt i perioden frå 1865 og fram til 2021. Her kan du søke: Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane (også kjend som Fjognedok).