Slik stemmer du ved fylkestingvalet 2019

Neste kommunestyre- og fylkestingsvalg er mandag 9. september 2019. Valet i 2019 skal gjennomførast som om vi allereie er eitt storfylke, og du skal stemme etter den nye kommune- og fylkesinndelinga, som trer i kraft frå 1. januar 2020. Det betyr at innbyggarane i Hordaland og Sogn og Fjordane skal velgje sine representantar til fylkestinget i nye Vestland fylkeskommune. 

Kven kan stemme?

Du må ha fylt 18 i løpet av valgåret for å kunne stemme.

Du må i tillegg vere norsk statsborgar, eller statsborger i Sverige, Danmark, Finland eller Island og bosatt i Norge seinast 30. juni 2019.
Er du frå eit land utenfor Norden må du ha vært registrert bosatt i Norge sammenhengande dei tre siste åra før valdagen.

Desse har stemmerett ved kommune- og fylkestingsval:

Norske statsborgarar som

  • har fylt 18 år innan utgangen av valåret og som
  • er, eller nokon gang har vore, folkeregisterført som bosatt i Norge, og som
  • ikkje har mista stemmeretten etter Grunnloven § 53.

Ikkje-norske statsborgarar som oppfyller dei øvrige krava, dersom dei

  • har stått innført i folkeregisteret som bosatt i Norge dei tre siste åra før valdagen, eller
  • er statsborgar i Sverige, Danmark, Finland eller Island og er blitt folkeregisterført som bosatt i Norge seinest 30. juni i valåret.

Utenlandske statsborgarar som melder flytting ut av Norge før valdagen, mister stemmeretten.

Du må stå innført i manntallet i ein kommune for å kunne stemme.

Korleis stemmer du?

Det er kommunen som tek imot førehåndsstemmer, og du kan førehandsstemme i kva for ein kommune du ønskjer. Stemma blir då sendt til heimkommunen din.

På sjølve valdagen kan du kun stemme i heimkommunen din. Du kan ikkje stemme på nytt på valdagen dersom du har stemt på førehand. Du kan heller ikkje førehandsstemme fleire gangar.