Kva for farge og kva for motiv vil du ha på fylkesvåpenet?

Korleis skal det endelege fylkesvåpenet sjå ut?

Vi vil gjerne ha ditt forslag fram til 20. juni! I denne perioden er det open innspelsrunde for alle innbyggjarar og første del av ein konkurranse, som til slutt skal gje det nye storfylket i vest eit fylkesvåpen.

Publisert 08.05.2018 av Redaksjonen

– Dette er ei milepæl i arbeidet fram mot ei felles identitet i ein samla ny vestlandsregion, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling.

– Vi er glade for å invitere alle innbyggjarane til å delta i konkurransen, anten ein vel å komme med forslag sjølve eller berre stemme på eit forslag, seier Anne Gine Hestetun, fylkesordførar i Hordaland.

Alle kan stemme på sin favoritt

Når alle forslaga er komne inn 20. juni skal ein folkejury og ein fagjury velje ut 10 finalebidrag kvar. Desse går vidare til ei online stemmegjeving kor alle innbyggarane kan stemme på sin favoritt. Forslaga går så vidare til minst tre designbyrå. Dei står fritt til å bruke forslaga som inspirasjon eller teikne eit nytt forslag ut frå tema gitt av ein fagkomité. Det er fylkestinga i dei to fylka som til slutt skal vedta nytt fylkesvåpen i desember.

Gå til vlfk.no/fylkesvapen for å sjå alt om

  • konkurransen til det framtidige fylkesvåpenet
  • retningsliner for korleis det kan sjå ut
  • kvar du skal sende inn ditt forslag

Denne artikkelen er også publisert på hfk.no og sfj.no.