Frå venstre: Jenny Følling, fylkesordførar i Sogn og Fjordane og nestleiar i fellesnemnda, og Anne Gine Hestetun, fylkesordførar i Hordaland og leiar i fellesnemnda.

Kommuneproposisjonen får konsekvensar for Vestland

Fellesnemnda meiner det ikkje er akseptabelt at Vestland fylkeskommune tapar økonomisk fordi fylka har følgt opp regjeringa sine forventingar til regionreform og miljøansvar.

Publisert 18.06.2019 av redaksjonen

I møte tysdag 18. juni vart fellesnemnda orientert om dei økonomiske utsiktene for Vestland i lys av kommuneproposisjonen 2020. Dei folkevalde måtte konstatere at dei ikkje får draghjelpa dei ønskte frå regjeringa i oppstarten av det nye fylket.

Tronge rammer frå regjeringa

Forslaget regjeringa nyleg la fram i kommuneproposisjonen for 2020 legg ikkje opp til nokon vekst i dei frie inntektene til fylkeskommunen. Vestland taper på at ordninga med tapskompensasjon etter sist endring av inntektssystemet i 2015 vert omdisponert.

– Det er ein uakseptabel situasjon for dei nye fylkeskommunane å starte med å kutte i driftsutgiftene. Det er alltid utfordrande å gjere endringar i inntektssystemet, men det ville lette prosessen vesentleg om det var ein viss vekst i den totale ramma, seier leiar og nestleiar i fellesnemnda, Anne Gine Hestetun og Jenny Følling.

Løner ikkje klimasatsing

Fellesnemnda vurderer at forslaget frå regjeringa ikkje tek omsyn til kostnadene ved klimaomstilling. Hordaland har mellom anna gjort eit løft for å elektrifisere ferjer og bussar, og Sogn og Fjordane planlegg no innkjøp av meir miljøvenlege snøggbåtar. Det økonomiske opplegget frå regjeringa gjev ikkje nokon utteljing for denne klimasatsinga.

– Frå sentralt hald er det oppmoda til miljøtiltak og reduksjon av utslepp i kollektivsektoren. Det er difor urimeleg at fylke som Vestland, som har teke Storting og regjering si oppmoding på alvor, kjem dårlegare ut økonomisk enn fylke som ikkje har sett i verk klimatiltak, seier Hestetun og Følling.

Konsekvensar for Vestland

Som ein konsekvens av den økonomiske situasjonen har fellesnemnda bede prosjektleiar Rune Haugsdal om å leggje fram eit budsjett som tek høgd for at ein må redusere driftsutgiftene med 100 millionar kroner i 2020.

Kuttet blir fordelt på alle sektorane i fylkeskommunen. Det utgjer om lag 1,2 prosent av det samla driftsbudsjettet for Vestland. Om ikkje dei økonomiske rammene endrar seg, må kuttet trappast opp til 400 millionar kroner i åra fram mot 2023.

Frå før har fellesnemnda konkludert med at planlagde investeringar som ikkje er sett i gang, må utsetjast med eit år.

Nytt fylkesting gjer endelege vedtak

Fellesnemnda arbeider denne våren og hausten med prosess for framtidig budsjett og økonomiplan for Vestland. Dei endelege vedtaka skal gjerast av det nye fylkestinget i Vestland.

Nytt fylkesting vert vald i fylkestingsvalet 9. september. Fylkestinget handsamar budsjett for 2020 og økonomiplan for 2020-2023 på møte 17./18. desember.