Voss blir første stoppestad for dialogmøta, her skal mellom anna Hardangerrådet og Sogn regionråd kome med sine innspel.

Kommunane skal snart i dialogmøte

Snart skal kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane i dialogmøte med Nye Vestland fylkeskommune. Sjå når din region skal møte!

Publisert 19.10.2018 av Redaksjonen

– Regionreforma er ein demokratireform. Derfor er det viktig for meg og for fellesnemnda at kommunar, organisasjonar og sivilsamfunn for øvrig deltek aktivt i prosessen og blir med på å forme det nye, store Vestland. Eg gler meg til å høyre innspela dei har, og til å ha god dialog om korleis Vestland skal sjå ut i framtida, seier Anne-Gine Hestetun, fylkesordførar i Hordaland og leiar av fellesnemnda.

Planstrategi

Føremålet med møta er å få fram kunnskap og innblikk i utfordringar i ulike deler av det nye fylket, som rører ved Vestland fylkeskommune si rolle som tenesteleverandør og samfunnsutviklar.

Utfordringar i denne samanhengen kan omfatte både moglegheiter som bør utnyttast der ein har særlege fortrinn, og svake sider i høve til ønska utvikling. Innspela frå møta skal inn i eit samla utfordringsdokument for Vestland fylke, som skal liggje til grunn for ny regional planstrategi.

Dei som vil bli inviterte til møte er representantar for kommunane, regionråda og viktige nærings- og samfunnsaktørar, i tillegg til fellesnemnda sitt arbeidsutval og fylkesadministrasjonen.

Datoane klare

Fellesnemnda sitt arbeidsutval har no vedteke datoar og opplegg for dialogmøta med kommunane og regionråda i Vestland.

Sjå kva tid arbeidsutvalet kjem til din region:

Voss, 27. november 2018 6. februar 2019 (utsett)

  • Hardangerrådet
  • Sogn regionråd
  • Voss kommune

Lærdal, Årdal, Aurland, Luster, Sogndal, Leikanger, Balestrand, Vik, Høyanger, Voss, Granvin, Ulvik, Eidfjord, Ullensvang, Odda, Jondal, Kvam

Gulen, 31. januar 2019 7. februar 2019 (utsett)

  • Regionrådet Nordhordland
  • HAFS

Hyllestad, Solund, Askvoll, Fjaler, Austrheim, Fedje, Gulen,  Masfjorden, Modalen, Radøy, Lindås, Meland

Bergen, 4. februar 2019

  • Regionrådet Vest
  • kommunar i Bergensalliansen

Bergen, Askøy, Fjell, Øygarden, Sund, Os, Fusa, Samnanger, Osterøy, Vaksdal

Førde, 22. mars 2019

  • Samarbeidsforum i Sunnfjord
  • Nordfjordrådet

Selje, Eid, Vågsøy, Flora, Bremanger, Stryn, Gloppen, Gaular, Førde, Jølster, Naustdal

Leirvik, 3. mai 2019

  • Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Sveio, Bømlo, Etne, Austevoll, Stord, Fitjar, Tysnes, Kvinnherad